Kommunal utleigebustad

Du kan søke om å leige kommunal bustad om du ikkje klarar å skaffe deg ein egna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp. Kommunal utleigebustad er bustad utan særskilt tilrettelegging. 

Kven kan få tilbodet?

Føremålet med kommunale bustader er å hjelpe med å kunne busette seg i eigen bustad.

Grupper som vert prioritert er: Vanskelegstilte, flyktningar og tilsette i Askvoll kommune som treng ein mellombels bustad. 

Bustadene er lokalisert både i burettslag, sameige eller som sjølvstendig einebustader/tomannsbustader.

Alle kan i prinsippet søkje om å få leige mellombelsbustader, men det vert tatt ei streng behovsvurdering ved tildeling av denne type bustad.

Slik søker du 

Send inn søknad gjennom elektronisk skjema.

Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Saksbehandlingstida kan variere, alt etter kor akutt det er med busituasjonen din. Ta kontakt med bygg- og eigedomsavdelinga dersom du har spørsmål. 

Bygg og eigedomsavdeling
E-post
Telefon 57 73 07 00