Natur og miljø - Jordbrukstiltak

Spreiing av husdyrgjødsel

Husdyrgjødsel som vert spreidd på open mark skal straks og seinest innan 18 timer etter spreiing moldast ned, og er berre lov i perioden 15. februar til 1. november. Det er ikkje tillate å spreie husdyrgjødsel på snødekt eller frosa mark. Spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding bør gjerast så tidlig i vekstsesongen at det er mogeleg å få gjenvekst som haustast ved slått eller beiting.

Både i Askvoll og Hyllestad har kommunestyra bestemt at spreiing av husdyrgjødsel må skje innan 30. september,(som også er endeleg frist, jfr. sentralt lovverk).  Kommunestyre i Fjaler har vedteke 15. september som frist for spreiing av husdyrgjødsel.

 

Gjødselplan

Gjødselplan er viktig for å sikre riktig gjødsling i forhold til trongen for næringsstoffer, kvalitet på avlinga og for å unngå ureining.

Det er lovpålagt å ha gjødselplan dersom du driv med planteproduksjon. Manglande gjødselplan vil føre til avkorting i produksjonstilskotet. Kravet er det samme om du driv konvensjonelt eller økologisk jordbruk og gjeld både for den jorda du eig og på leigt areal. 

Etter forskrift om gjødselplanlegging skal det utarbeidast gjødselplan før kvar vekstsesong. Her i fylket har det vore godkjent 5-årige planar på bruk med einsidig grasproduksjon.

 

Jordprøver

Jordprøver kartlegger næringsinnhold og kalkbehov i jorda, og er viktig for gjødselplanen. Jordprøver skal takast kvart 4. – 8. år, og analyserast for pH, fosfor, kalium, glødetap/moldinnhold.

Informasjon om uttak av jordprøver (PDF, 24 kB)

 

Plantevernmidlar og sprøytejournal

Vert det nytta sprøytemiddel på garden, er det krav om at du har sprøytejournal.  Brot på kravet om sprøytejournal vil medføre avkorting i produksjonstilskotet.

For å kunne kjøpe og bruke plantevernmiddel må du ha godkjent autorisasjonsbevis, såkalla sprøytesertifikat.  Beviser er gyldig i 10 år.

Lina Andrea Haugen Herstad
Rådgjevar landbruk
E-post
Telefon 57 73 07 36
Liv Synnøve Andersen
Rådgjevar landbruk
E-post
Telefon 57 73 07 38