Innsyn og klagerett

Innsynsrett

Du har som hovudregel innsynsrett i alle dokument som ligg til grunn for vedtak som angår deg. Ver merksom på at i mange saker kan du lese saksdokument ved å nytte deg av Innsyn. Dette gjeld likevel ikkje dokument underlagt teieplikt eller som av omsyn til personvernet er unnateke frå innsyn.

Lovgrunnlag: Lov av 19. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. IV >

Sjå også: Justisdepartementet sin rettleiar til offentleglova >

Klagerett

Eit enkeltvedtak (eit vedtak som kommunen gjer som offentleg styringsorgan, og som gjeld rettar eller plikter til ein eller fleire bestemte personar) kan som hovudregel alltid klagast på av den som vedtaket gjeld og av alle som er part i saken.

Merk at klageretten berre gjeld saker der kommunen opptrer som eit offentleg styringsorgan. Dette inneber at vedtak om til dømes å selge kommunal eiendom ikkje kan klagast på.

Klagefrist

Klagefristen er tre veker frå det tidspunkt du fekk melding om vedtaket. Brevet med klagen må vere poststempla eller levert inn før klagefristen er ute. Klagar over kommunale vedtak bør innehalde følgjande opplysningar:

  • Kva vedtak det vert klaga over (vedtaket må kunne identifiserast)

  • Kva er det klageren vil ha endra

  • Grunngje kvifor ein ønskjer vedtaket forandra

  • Andre opplysninger som kan påverke avgjerda

Klagar over kommunale vedtak skal sendast til den instans i kommunen som har gjort vedtaket. Dei skal snarast mogleg vurdere vedtaket på nytt. Dersom dei som har gjort vedtaket (førsteinstansen) ikkje finn å kunne omgjere eller endre vedtaket, skal klagen sendast vidare til rett klageorgan.

Klageorgan er Fylkesmannen for saker etter Kommunehelselova, Sosialomsorgslova, Alkohollova og Plan- og bygningslova. 

Sakskostnader i klagesaker

Dersom eit vedtak vert endra til fordel for klagaren, har han eller ho rett til å få dekka vesentlege sakskostnader som har vore naudsynt for å få endra vedtaket.

Lovgrunnlag: Lov av 19. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova), kap. IV >

Klage til Sivilombodsmannen

Sivilombodsmannen er Stortinget sin tillitsmann og har som oppgåve å sikre at det i offentleg forvaltning ikkje vert gjort urett mot innbyggjarane. Både statleg, fylkeskommunal og kommunal forvaltning høyrar inn under Sivilombodsmannen sitt ansvarsområde.

Alle som meiner at dei har vore utsett for urett frå offentlege forvaltningsorgan kan klage til ombodsmannen. Klager må vere sett fram innan eitt år frå vedtaket vart gjort. Dersom vedtaket vart klaga på etter reglane ovanfor, gjeld eittårsfristen frå det tidspunkt klageorganet gjorde endeleg vedtak.

Lovgrunnlag: Lov av 22. juni 1962 om Stortingets ombudsmann for forvaltningen (sivilombodsmannslova) >

Sist endra 14.07.2016 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Rådmannskontoret Askvoll kommune

Rådmann
Telefon : 57 73 07 00
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering