Brann og feiing

Branntenester er administrert av Førde kommune ved brannsjefen. Informasjon om fyrverkeri, brannvakt, brannøving, tilsyn og søknadsskjema med meir finn du på Førde kommune sine nettsider 

Brannvern

Brannvernet i Askvoll har:

  • Førebyggjande del som med feiing og tilsyn.

  • Beredskapsdel med eiga vaktordning.

I Askvoll er det brannstasjon i sentrum og branndepot i Værlandet, Atløy og Kvammen. Samla styrke skal vere ca. 38 personar. 

Bålbrenning

Innanfor tidsrommet 15.april til 15.september er det forbode å gjere opp eld nær skog og mark utan løyve. Melding om planlagt bålbrenning kan sendast gjennom elektronisk skjema.

> Gå til skjema "melding om kontrollert brenning"

Feiing og tilsyn 

Feiar utfører både feiing av skorsteinar og tilsyn med fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar. Skorsteinen vil verte feia/kontrollert etter behov. 

Det brannførebyggjande arbeidet vert prioritert høgt. Tilsyn med bustadar er ei lovpålagt oppgåve for det lokale brannvernet. Dette arbeidet er svært viktig, fordi dei fleste brannane oppstår i heimane. På sidene til Norsk brannvernforening og på Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap sin portal www.sikkerhverdag.no finn du gode råd til brannvern i heimen.

Kor ofte det skal feiast vert fastsett etter behov. Behovet vert bestemt ut i frå oppvarmingssystemet i bustaden, sotmengd og anna. Hytter og fritidsbustader skal feiast og ha tilsyn på lik linje med vanlige husstandar.

Sikker tilkomst


Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.

Før feiaren kjem skal du:

 

  • Legge fram stige (for dei med takfeiing).
  • Sikre at stigen ikkje kan skli.
  • Sjekke at takstige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket.
  • Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).
  • Stenge luker, ventilar og spjeld.
  • Hugse å seie i frå til leigebuar.
  • Passe på at ikkje noko anna kan være til hinder for feiinga.
  • Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogeleg.

 
Tilsyn


Eigar eller representant for eigar skal vere til stades og sørgje for at samtlege bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengeleg. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar).


Tilsynet vil omfatte kontroll av:

  • Eventuelt tidlegare avvik eller merknader er fylgt opp og utbetra.
  • Ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
  • Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
  • At røykvarslarar, håndslukkeutstyr og rømmingsveg følgjer regelverket.

Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan til dømes vere monteringsanvisning til omn eller liknande.

Varsel om feiing og tilsyn

Du vil få melding om feiing og tilsyn eit par dagar før.  

 

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Bernhard Øberg

Brannsjef
Telefon : 576 12 821
Mobil : 959 89 601
E-post : Send e-post

 

Andreas Lid

Feiar
Telefon : 45 87 65 04
E-post : Send e-post

 

Bjørn Atle Berg

Nestkommanderende
Telefon : 90 20 18 60
E-post : Send e-post