Abonnement på brøyting av private vegar Askvoll kommune har tilbod om kommunal brøyting av private vegarSøknadsskjema Gå til elektronisk skjema for søknad om brøyting Krav til vegenDen private vegen må vere minst 50 m lang, og vegen må vere i så god stand at han kan brøytast utan fare for utstyr og brøytar. Før brøytinga tek til vil kommunen/brøytaren kontrollere at vegen har god nok standard. Om vegen ikkje kan brøytast slik han er, får eigaren få tilbakemelding med ein gong. Pris for sesongen 2020: Pris for brøyting av private vegar Veglengde Pris 50-250m kr. 2345,- per sesong inkl. mva 250-500m kr. 3945,- per sesong inkl. mva Pris for 2021 vert vedteke av kommunestyret i desember.Ved mykje snøfall vert brøyting av kommunale samlevegar/adkomstvegar prioritert før brøytinga av dei private vegane. Dersom det er så stor interesse for abonnementsordninga at kommunen får kapasitetsproblem, vil kommunen prioritere søknadene etter nærare kriterier, og evt. seie nei til einskilde. Om det er fleire brukarar av ein veg, må dei gå saman om abonnementet, og stille med ein representant overfor kommunen. KontaktDersom du har spørsmål ta kontakt med teknisk drift på 57 73 07 30 / 57 73 07 32. Publisert avJeroen van Gangelen Sist endra03.12.2020 11.52