Vatn og avlaup

Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale til Askvoll kommune dersom eigedommen din er knytt til det kommunale vass- og kloakknettet.

 

Tilkopling til offentleg vatn- og avlaupsanlegg

Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knyter eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkobling. 

Du må søkje om tilkopling til offentleg vatn- og avlauspsanlegg. Dette gjeld både ved oppføring av nybygg og når eksisterande byningar skal koplast til. 

 

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den datoen du har fått ferdigattest/bruksløyve (nybygg) eller faktisk tilkoplingsdato (eksisterande bygg) på bygget.

 

Innbyggjarvarsling

Askvoll kommune ønskjer å varsle abonnentane så fort som råd ved betydelege endringar i kvalitet eller mengde. Dette vert gjort per SMS eller talemelding til fasttelefon til ein eller fleire adresser. For at alle med interesse i den aktuelle eigendommen skal motta melding, er vi avhengig av at aktuell mobiltelefon er registrert på adressen. Kontaktopplysningar må dirfor leggast inn på Varsling 24.

 

Vis dovett!

Småting og matavfall i røra kan gjere stor skade, og føre til oversvømmelsar både hos deg og andre stadar. Feitt og ting som våtserviettar, bomullsdotter, hår, kondomer og q- tips set seg fast i røra og skaper problemer på pumpestasjonane som skal pumpe avlaupsvatnet fram til rensestasjonane.

 

Vassmålar

Teknisk drift

Telefon : 57 73 07 30
E-post : Send e-post

 

Teknisk vakt

(døgnvakt)
Mobil : 97 54 29 54

 

Per Jan Ryland

Teknisk sjef
Telefon : 57 73 07 32
E-post : Send e-post