Økonomisk sosialhjelp og rådgjeving

Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til naudsynt livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for dette gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.

 

Korleis søkjer du?

Den nye løysninga gjør at du kan søkje heimanfrå hele døgnet på pc, mobil eller nettbrett. For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløyningar som Buypass eller Comfides.
 

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan nytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis møte opp på NAV-kontoret eller bruke papirsøknad. Du må då ta kontakt med NAV-kontoret for å få ein timeavtale.
 

Meir informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finn du mer informasjon.

Gjeldsrådgjeving

Dersom du har gjeldsproblem kan du få hjelp til å få oversikt over gjelda di og til å kontakte kreditorar, inkassoselskap, namsmannen m.m.

Du kan og få hjelp til å lage budsjett og nedbetalingsplaner tilpassa din økonomi.
 

Gjeldsordning

NAV Askvoll eller namsmannen (Lensmannen) kan gje meir informasjon om reglar i høve gjeldsordning. Det er forholdet mellom gjeldsbyrda og betalingsevna som avgjer om du fyller vilkåra for gjeldsordning, samt kva type gjeld du har.

NAV Askvoll

Telefon : 55553333
E-post : Send e-post