Parkeringskort for rørslehemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for rørslehemma, og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon.
Korleis kan du søkje?
Du må bu i kommunen for å kunne søkje, og søknaden må være skriftleg. I tillegg må din lege fylle ut ei legeerklæring, og eit passfoto må leggjast ved søknaden. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
Søknadskjema >
Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.
Søknaden skal du sende til:
Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
Publisert29.06.2015 11.22
Sist endra03.12.2020 10.44