Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

NAV Askvoll

NAV-kontoret hjelper deg som skal søke om sosiale tenester. Her finn du informasjon om kva type tenester du kan få og korleis du kjem i kontakt med NAV Askvoll. 

Kvalifiseringsprogrammet (KGV) - tilbod om oppfølging og arbeidstrening

kva er kvalifiseringsprogrammet?

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng ekstra oppfølging for å klare det.
Det er eit tilbod til deg som ikkje greier å delta i arbeidslivet, men som heller ikkje har ein medisinsk diagnose som gjev deg rett til trygd.


korleis søkjar du?

Du må kontakte NAV-kontoret i Askvoll for å avklare om du har rett til å delta i Kvalifiseringsprogrammet.

Økonomisk sosialhjelp

Du kan søkje økonomisk sosialhjelp for å sikre deg hjelp til naudsynt livsopphald, dersom du ikkje kan sørgje for dette gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.

Økonomi- og gjeldsrådgiving

På NAV kontoret kan du også få råd og rettleiing dersom du har vanskar med økonomi, gjeld, bustad, helse, familieforhold eller anna.

Gjeldsrådgjeving

Dersom du har gjeldsproblem kan du få hjelp til å få oversikt over gjelda di og til å kontakte kreditorar, inkassoselskap, namsmannen m.m.

Du kan og få hjelp til å lage budsjett og nedbetalingsplaner tilpassa din økonomi.
 

Gjeldsordning

NAV Askvoll eller namsmannen (Lensmannen) kan gje meir informasjon om reglar i høve gjeldsordning. Det er forholdet mellom gjeldsbyrda og betalingsevna som avgjer om du fyller vilkåra for gjeldsordning, samt kva type gjeld du har.
 

Meir informasjon



Logg deg på Ditt NAV

Ditt NAV er ei sikker innloggingsteneste via ID-porten. Her finn du opplysningar om di sak, og du kan ha en skriftleg dialog med NAV.

Du kan og sende søknadar og meldekort. Har du alderspensjon i kombinasjon med jobb, kan du endre uttaksgraden din.
 

Logg inn på Ditt NAV


Oversikt kontaktinformasjon - alle instansar i NAV


Opningstider NAV-kontoret i Askvoll (Askvoll rådhus)

Opningstider NAV Askvoll, rådhuset i Askvoll
Vekedag Opningstid Timeavtale
Måndag stengt timeavtaler også utanom opningstida
Tysdag 12.00 - 14.00 timeavtaler også utanom opningstida
Onsdag stengt timeavtaler også utanom opningstida
Torsdag 12.00 - 14.00 timeavtaler også utanom opningstida
Fredag stengt timeavtaler også utanom opningstida

For å få ein avtale gjer du følgjande:

  • Du som har ei sak hos oss tek direkte kontakt med rettleiaren din gjennom dialogmelding i aktivitetsplanen eller ring direktenummeret til rettleiaren din.

  • Andre ringer tlf. 55 55 33 33 eller skriv til oss på nav.no

  • Du kan òg legge ei melding i postkassen ved inngangen av kontoret, så kontaktar vi deg. 

Har du spørsmål om økonomisk sosialhjelp og andre kommunale tenester, kan du ringe mob. 412 11 392.

NAV Askvoll

Telefon : 55553333
E-post : Send e-post