Finn viktig informasjon om:

 

Flyktningtenesta

Flyktningtenesta i Askvoll kommune har ansvar for mottak, etablering og god integrering av nye flyktningar i kommunen. 
 

Om flyktningtenesta

I samband med vedtaket om å busetje flyktningar, har kommunen tilsett ein flyktningkonsulent som er underlagt Rådmannskontoret. Konsulenten er ansvarleg for flyktningtenesta, og skal saman med Vaksenopplæringa, dei kommunale tenestene og ressursane i lokalsamfunnet, jobbe for god etablering og integrering av flyktningane.

Flyktningstenesta hjelper mellom anna til med:

  • Å skaffe bustad

  • Etablering

  • Praktisk hjelp og rettleiing i lokalsamfunnet

  • Oppfølging av introduksjonsprogram i samsvar med integreringslova

Om busettingsarbeidet i Askvoll kommune

Flyktningar som har fått opphald i Noreg skal busetjast i ein kommune. Dette ansvaret ligg hos Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og kvart år oppmodar IMDi kommunane om å busetje eit visst tal flyktningar. Oppgåva er frivillig, og det er kommunen sjølv som avgjer kor mange flyktningar ein ynskjer å busetje.

Askvoll kommune har vedteke å ta i mot 17 flyktningar i 2015 og 15 i 2016.

For vaksne flyktningar i aldersgruppa 18- 55 år, skal kommunen leggje vekt på opplæring i norsk språk og samfunnsliv og gje moglegheit for språk- og arbeidspraksis slik at ein på kort eller lengre sikt kan gå inn i ordinært arbeidsliv. Den overordna målsetjinga er at ein skal delta i det ordinære vaksenlivet og dermed klare seg sjølv. Ved å gjere vedtak om busetjing, har kommunen forplikta seg på å gje tilbod om introduksjonsprogram i samsvar med integreringslova.

Korleis kan du bidra?

Askvoll kommune ynskjer at du som er engasjert og som ynskjer å gjere ein skilnad, set ditt preg på denne viktige samfunnsoppgåva i lag med kommunen. Vi håpar at vi i fellesskap kan finne fram til gode idear om møteplassar, aktivitetar og anna som gjer at flyktningane kjenner seg velkomne i kommunen vår og vert ein del av Askvollsamfunnet.

  • Er du privatperson eller lag/organisasjon som ynskjer å bidra som fadder/ med sosiale aktivitetar?

  • Er du arbeidsgjevar som ynskjer å gje tilbod om språk-/ arbeidspraksis?

  • Ynskjer du å bidra på andre måtar?

Christoffer Stølen

Flyktningkonsulent
Mobil : 45872354
E-post : Send e-post