Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Skatteoppkrevjaroppgåver er overført til Skatteetaten

  
Frå 1.november 2020 har Skattetaten teke over ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som kommunen har hatt tidlegare.   

Skatteetaten vil dermed få samla ansvar for fastsetjing, all innkrevjing og kontroll av skatter og avgifter. 

Det betyr at det ikkje lenger er skatteoppkrevjar i kommunen, og difor må du kontakte Skatteetaten for spørsmål om skatteoppkrevjaroppgåvene.  

Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten er mellom anna:

  • innkrevjing av restskatt

  • skatt til gode

  • tilleggsforskot

  • forskotstrekk

  • arbeidsgjevaravgift

  • motrekning

  • utleggstrekk knytt til skattekrav

  • skatteattester

  • konto-/saldoutskrift for skatt og arbeidsgjevaravgift

Dersom du har ei sak under behandling hjå Askvoll skatteoppkrevjarkontor, vert denne overført til Skatteetaten. Du vil få tildelt ny sakshandsamar/kontaktperson.

Kommunane har framleis ansvar for innkrevjing av kommunale krav.
 

Slik kjem du i kontakt med Skatteetaten


Sjølvbetjening på nett


Her vil du finne svar på mange spørsmål og moglegheita for å sende inn spørsmål, søknader, bestilling av utskrifter, klagar med meir via nett.

Døme på dette er er tinging av konto- eller saldoutskrift for skatt og arbeidsgjevaravgift, klage på feil forskotstrekk, søknad om betalingsutsetjing og endring av kontonummer for attendebetaling av skatt. Skatteetaten tar ikkje i mot e-post, men ved å gå inn via nettsidene kan man sende skriftlege førespurnader om alle typar spørsmål.
 

Rettleiing via andre kanalar
Trenger du meir hjelp, kan du òg kontakte Skatteetaten via andre kanalar.

Chat, telefon 800 80 000 og Facebook er dei raskaste måtane å få tak i Skatteetaten på.

På telefon 800 80 000 kjem eit eige tasteval: "Har du spørsmål om innbetaling og utbetaling av skatt?" 

Adressa til Skatteetaten er:

Skatteetaten
PB 9200 Grønland
0134 Oslo