Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Timebestilling koronavaksine  |  Status vaksinering 
|  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Eigedomsskatt i Askvoll kommune

Kommunestyret har vedteke å innføre eigedomskatt på alle faste eigedomar i heile kommunen frå 2015.
 

Eigedomsskatt er den einaste skatten som kommunen har full råderett over og som i sin heilheit går til kommunen. Sjå lenker for meir informasjon.

For skatteåret 2021 er det fastsett eigedomsskatt på 5 promille. Eigedomar med bustader og fritidsbustader har 3 promille.

Spørsmål og kommentarar i høve innføring av eigedomsskatt, kan sendast: 

  • per e-post eskatt@askvoll.kommune.no

  • eller i brev til Askvoll kommune v/ Eigedomsskattekontoret, Pb 174, 6988 Askvoll

Du kan òg nå oss på telefon 577 30 711 / 577 30 700.

For informasjon eller klage på likningsverdi/ formuesgrunnlag – ta kontakt med skatteetaten:
Tlfnr: 800 80000 eller på www.skatteetaten.no

 

Ofte stilte spørsmål om eigedomsskatt

Eigedomsskatt - Ofte stilte spørsmål

Generell informasjon om eigedomsskatt

Denne informasjon gjeld deg som står registrert som heimelshavar på fast eigedom i Askvoll kommune.

 

Bakgrunn:

Kommunestyret har vedteke å innføre eigedomskatt på alle faste eigedomar i heile kommunen frå 2015. Eigedomskatten vil bidra til å oppretthalde tenestenivået i kommunen.

Det er kommunestyret som skriv ut eigedomsskatt. Eigedomsskatt er den einaste skatten som kommunen har full råderett over og som i sin heilheit går til kommunen. Kommunestyret i Askvoll har òg vedteke å nytte skatteetatens formuesgrunnlag som grunnlag for å skrive ut skatt for vanlege bustadeigedomar. Desse eigedomane skal ikkje synfarast. Kommunen skal sjølv taksere eigedomar utan formuesgrunnlag, m.a. våningshus/kårhus, fritidsbustad og næringseigedom.
 

Fritak:

Kommunen kan etter lova frita eigedomar for eigedomsskatt og innføre botnfrådrag for bustader og fritidsbustader. Kommunestyret i Askvoll har vedteke å innføre fritak for nye bustader i 10 år. Det vil sei at bustader som er ferdigstilt / har fått mellombels bruksløyve f.o.m. 1.1.2015 får automatisk fritak. Det er òg vedteke at ein kan søke om fritak for eigedomsskatt dersom ein rehabiliterer bustad for minimum NOK 750.000,- i løpet av tre år med ferdigstilling av bustad tidlegast 1.1.2015.
Kommunestyret har friteke eigedomar som kjem innunder §7a og b i eigedomsskattelova, t.d. grendahus og bygningar med historisk verdi.

Kommunestyret fastset kvart år i høve budsjetthandsaminga kva eigedomar skatten skal skrivast ut på og kva satsar som gjeld. Skattesatsen må vere mellom 2 og 7 promille. Fyrste året ein skriv ut kan ein berre skrive ut på 2 promille, deretter kan satsen aukast gradvis.
 

Taksering:

Eigedomen sin verditakst dannar grunnlaget for skatteberekninga.
Eigedomsskattelova §8:

«Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal»

Eigedomsskattetaksten vert basert på faktaopplysningar om eigedommen. Faktaopplysningar om eigar, adresse, areal på tomter blir henta frå offentlige register (Matrikkelen).
 

Bustadeigedomar og heilårsbustader nytta som fritidsbustad:

Eigedomar med formuesgrunnlag frå Skatteetaten vert ikkje synfara av kommunen. Dette gjeld i all hovudsak leilegheiter og bustadhus som ikkje er knytt til landbruk. Ein kan finne formuesgrunnlaget ved å multiplisere likningsverdien frå sjølvmeldinga med fire (døme: likningsverdi = 250.000, formuesgrunnlag= 250.000 * 4 = 1.000.000).

Dersom du er ueinig i likningsverdien for bustaden din må du ta kontakt med Skatteetaten. (Tlfnr. 800 80000)

Bustadhus utan formuesgrunnlag vert synfara og taksert av kommunen.
 

Våningshus/kårhus:

Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk har etter eigedomskattelova obligatorisk fritak for eigedomsskatt. Dette gjeld likevel ikkje våningshus, fritidsbustad og anna næringsbygg på landbrukseigedommar. Desse bygningane vil bli synfara av kommunens synfaringsmenn.
 

Fritidsbustader:

Dette er skattepliktige eigedomar som vil bli taksert og skattelagt. Desse bygningane vil bli synfara av kommunens synfaringsmenn.
 

Næring:

Næringseigedomar er skattepliktige eigedomar som vil bli taksert av innleigd takseringsbyrå.
 

Synfaring:

Alle eigedomar i Askvoll kommune, med unntak av eigedomar med formuesgrunnlag, skal synfarast.

Som ein del av grunnlagsarbeidet vil det for kvar enkelt skattepliktig eigedom bli føreteke ei utvendig synfaring. Synfaringa vil bestå av utvendig oppmåling samt at det vil bli tatt bilete av bygningen. Medarbeidarane som skal ut på synfaring vil kunne førevise identifikasjon og vere ikledd refleksvest med Askvoll Kommune sin logo som syner at dei er kommunens representantar. Areal som blir målt opp er bygningens bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innanfor ytterveggane på bygningen. Arealet blir målt for kvar etasje i bygningen. Etasjane blir gruppert i kjellaretasje, underetasje, hovudetasje og loftsetasje. Sjå matrikkellova for meir info om dette.

Synfaringsmedarbeidarane er ikkje avhengig av at eigar er tilstade under synfaringa. Dersom du likevel ynskjer å være tilstade under synfaringa eller ynskjer å kome med innspel, må du gje oss beskjed om dette innan 28. september.
 

Sakkyndig nemnd og klagenemnd:

Sakkyndig nemnd og klagenemnd blei valde av Kommunestyret 21.5.2014, sak 035/14. Det er sakkyndig nemnd som fastset takstgrunnlaget for den enkelte eigedom. Eventuell klage på takst skal handsamast av sakkyndig nemnd/klagenemnd.

Informasjon frå synfaring av eigedommane vil saman med kommunens eigne retningslinjer for taksering danne grunnlag for utskriving av eigedomsskatt.
 

Retningslinjer for taksering:

Kommunens eigne retningslinjer vert vedteke av sakkyndig nemnd og lagt ut på kommunen si internettside samtidig som skattelistene vert offentleggjort.
 

Informasjon før skattevedtak:

Etter synfaring og før skattevedtak vert fatta vil du få tilsendt faktagrunnlag for din eigedom som inkluderer oppmålt bruksareal (BRA) og du kan etter dette komme med innspel til korrigeringar. Dette gjeld ikkje bustader med formuesgrunnlag.
 

Offentlig ettersyn:

Takst og utrekna eigedomsskatt vil bli lagt ut til offentleg ettersyn. Du vil få tilsendt informasjon om taksten på eigedomen din og eigedomsskatten du skal betale, i tillegg til informasjon om takseringsgrunnlaget. Da vil du samtidig få ei orientering om dine rettigheiter til å klage på takst/skatt.
 

Kontaktinformasjon:

Spørsmål og kommentarar i høve innføring av eigedomsskatt, kan sendast i e-post til eskatt@askvoll.kommune.no, eller i brev til:

Askvoll kommune
v/ Eigedomsskattekontoret,
Pb 174
6988 Askvoll

Du kan òg nå oss på telefon 577 30 713 / 577 30 700.

Meir informasjon vil etter kvart bli lagt ut på kommunes heimeside.
 

For informasjon eller klage på likningsverdi – ta kontakt med skatteetaten:

Tlfnr: 800 80000 - www.skatteetaten.no

Kan ein få fritak frå eigedomsskatt?

Kommunen kan etter lova frita eigedomar for eigedomsskatt og innføre botnfrådrag for bustader og fritidsbustader. Kommunestyret i Askvoll har vedteke å innføre fritak for nye bustader i 10 år (fritak etter eigedomsskattelova § 7 c). Det vil sei at bustader som er ferdigstilt / har fått mellombels bruksløyve f.o.m. 1.1.2015 får automatisk fritak. Det er òg vedteke at ein kan søke om fritak for eigedomsskatt dersom ein rehabiliterer bustad for minimum NOK 1 500 000,- i løpet av tre år med ferdigstilling av bustad tidlegast 1.1.2015.
Kommunestyret har friteke eigedomar som kjem innunder §7a og b i eigedomsskattelova, t.d. grendahus og bygningar med historisk verdi.

Under vil du finne meir om dei særskilte fritaka.
 

Søknadsfrist for alle fritak

Søknad om fritak etter §7 i eigedomsskattelova motteke i utskrivingsåret vil kunne få fritak for heile skatteåret.
Kommunestyret er det organ som har mynde til å gje fritak etter §7 a og b. Kommunestyret har gjeve fullmakt til Formannskapet å gje fritak etter §7 c. Eigedomsskattekontoret sakshandsamar søknadane om fritak.

Søknad om fritak vil ikkje få utsetjande verknad, det vil sei at ein må betale eigedomsskatten ved forfallsdato. Viss ein får fritak for eigedomsskatt vil ein få tilbakebetalt gjeldande sum. Berekna sakshandsamingstid er 4 månader.

Vi ber om at søknadsskjema vert nytta:


7a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna
ein kommune, eit fylke eller staten.

Kommunestyret har vedteke fritak til fylgjande eigedomar / bygningar.

Oversikt over eigedomer og bygningar som er friteke frå eigedomsskatt §7 a
Gnr/bnr/fnr Namn
12/22/0 Stongfjorden Arbeidsstove
204/25/0 Holmedal Idrettslag (kun tomt)
204/26/0 Holmedal Idrettslag (kun tomt)
204/61/0 Holmedal Idrettslag (kun tomt)
204/66/0 Holmedal Idrettslag
205/110/0 Holmedal Båtlag
205/111/0 Holmedal Båtlag
205/112/0 Holmedal Båtlag
205/113/0 Holmedal Båtlag
205/114/0 Holmedal Båtlag
205/67/0 Holmedal Bygdehus
219/5/0 Rivedal Bygdelag
22/1/1 Askvoll Samfunnshus
23/51/0 Askvoll Småbåtlag
23/76/0 Askvoll og Holmedal Idrettslag
30/24/0 Olset Bedehus
30/30/0 Olset Småbåtlag
30/55/0 Askvoll Småbåtlag
40/7/0 Kumle Bedehus
47/4/0 Høyvik Grendalag
42/38/0 Sauesund Båtlag
51/21/0 Atløy Kulturhus
51/28/0 Atløy Idrettslag
51/33/0 Atløy Idrettslag
51/9/0 Leirvåg Bedehus
56/22/0 Herland Grendalag
60/163/0 Værlandet Vel
60/213/0 Værlandet Vel
60/214/0 Værlandet Vel
60/43/0 Værlandet Bedehus
60/65/0 Vidar Ungdomslag
60/69/0 Værlandet Idrettslag
64/5/0 Bulandet Ungdomslag
67/12/0 Bulandet Idrettslag (kun tomt)
70/8/0 Fiskarheimen Bulandet
96/16/0 Flokenes Grendahus

Eventuelle andre aktuelle eigedomar som kan komme inn under §7 a) vil bli vurdert etter søknad.

7b) Historiske bygg

Formelt freda bygg får fritak etter fylgjande liste jfr. Eigedomsskattelova §7 b)

Formelt freda bygg får fritak etter fylgjande liste jfr. Eigedomsskattelova §7 b)
Namn Bygning Gnr og Bnr Bygningsnr
Vilnes Kyrkje Kyrkje 54/9 177596434
Holmedal Kyrkje Kyrkje 205/6 177617482
Bustadhus Ringstad Einebustad 26/3 177631353
Geita Fyr Fyrstasjon losstasjon 60/10 177633968
Geita Fyr Einebustad 60/10 177633941
Geita Fyr Hus for dyr / landbr.lager/silo 60/10 177633925
Geita Fyr Annen lagerbygning 60/10 177633933
Bustadhus Ringstad Einebustad 26/3 177631353

Andre bygg av særskilt historisk verdi kan få fritak etter søknad, gjerne etter uttale frå Sakkunnig Nemnd på kvar søknad.
 

Fritak etter § 7c)

Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelda i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig.
Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommuneloven § 10, kan få fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.
 

KOM-048/14 VEDTAK:

Esktl. § 7 pkt. c) – nyoppførte bygningar som heilt eller delvis vert nytta som bustad og husvære som er rehabiliterte for minimum NOK 1.500 000,- i løpet av tre siste åra vert friteken for eigedomsskatt i 10 år. Fritak som er gjeve frå 2015-2020 er fortsatt gjeldande. Fritak for å betale eigedomsskatt under dette budsjettvedtak pkt. 6.4.c gjeld berre inntil kommunestyret sjølv endrar eller opphev fritaka. Fritak gjeld ikkje fritidsbustad.

 

KOM-059/14 VEDTAK: (spesifisering)

Kommunestyret vedtek følgjande tillegg til paragraf 6-5 i eigedomsskattevedtektene:
Fritak i paragraf 6-5 gjeld nybygde og rehabiliterte husvære med ferdigstilling (som har fått
førebels bruksløyve) etter 01.01.2015

Kommunestyret gjev Formannskapet fullmakt til å avgjere einskildsaker om skattefritak etter §7c) i eigedomsskattelova.

Fylgjande kriteria for handsaming av søknad om fritak blir vedtekne:

Søknadskriteria for fritak for eigedomsskatt ved rehabilitering utover NOK 1 500.000,-

  • Kopi av faktura som viser faktiske kostnader over 1 500.000,-. Eigeninnsats kan ikkje takast med.

  • Kopi av betalingsbekrefting av faktura.

  • Nyaste faktura må vere utstedt etter 01.januar i søknadsåret

  • Eldste faktura må vere utstedt maks 3 år frå nyaste faktura.

 

Korleis går de fram når de fastset takst på eigedomen min?

Det fylgjer av «Lov om eigedomsskatt til kommunane» av 6.juni 1975 at eigedomar som skal ha eigedomsskatt, skal takserast. Taksten skal fastsetjast slik at den tilsvara eigedomen sin marknadsverdi. Taksten for den enkelte eigedom kjem som eit resultat av ein samansett prosess. «Takseringsprinsipp, rammer og retningslinjer ved innføring av eigedomsskatt for alle eigedomar i Askvoll kommune» er å finne på Askvoll kommune si heimeside.

Korleis er huset mitt målt opp?

Alle hus utan formuesgrunnlag er målt utvendig for å kontrollere eller berekne arealet, og dette er registrert i matrikkelen. Matrikkelen er landet sitt offisielle register over fast eigedom. Arealet i matrikkelen blir lagt til grunn for eigedomsskatten. På dei fleste nyare hus er dette allereie registrert. Dette arealet er i dei fleste tilfella lagt til grunn som riktig areal for bustaden.

Når det gjeld areal på bygningar, tek ein utgangspunkt i bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innanfor ytterveggane på bygningen. Arealet (BRA) blir målt for kvar etasje i bygningen. Etasjane blir gruppert i: kjellaretasje, underetasje/sokkeletasje, hovudetasje(r) og loftetasje. Ved berekning av bruksareal gjer ein ikkje fratrekk for areal til større piper, gang, bod og liknande. Bruksarealet i ein etasje blir berre delt i bruksareal til bustadføremål og bruksareal til anna dersom begge føremål fins. Summen av desse to areala utgjer bruksareal i ein etasje. 

Kva gjer eg når skattesetelen inneheld feil?

Då skriv du e-post/ brev om det du meiner er feil. Tilbakemeldingar og klager må vere skriftlege. Det kan sendast på e-post til eskatt@askvoll.kommune.no, eller per post til Askvoll kommune, PB 174, 6988 Askvoll. Merk konvolutten ”Eigedomsskatt”.

Eventuell klage på Skatteetaten sitt formuesgrunnlag må rettast til: Skatt Vest, Pb 8103, 4068 Stavanger.

Kva er formuesgrunnlag og korleis vert likningsverdien nytta i takseringa?

Kommunen får overført eit bustadverdigrunnlag frå Skatteetaten som er lik likningsverdi x 4 for primærbustad (25%) eller x 2 for sekundærbustad (90%) Formuesgrunnlag syner forventa marknadsverdi til eigedomen på verdsetjingstidspunkt.

Eg har fått krav om å betale eigedomsskatt på ei hytte eg ikkje eig, men grunnen er min?

Dette er pga. en privatrettsleg avtale mellom deg og hytteeigar. Einaste måte å få avgifta over på hytteeigar, er ved å tinglyse heimelsovergang på eigedomen. 

Eg har store skader på eigedomen som sakkunnig nemnd ikkje kjenner til, spelar det inn på taksten?

Ja, lever ei skriftleg klage der forholda blir omtala, dokumentasjon er ynskjeleg. Gjerne skadetakst eller bilete der det føreligg.

Naboen har fått ein lågare takst enn meg, men har større hus?

Det er føreteke ei verdivurdering ut ifrå kva marknaden er villig til å betale for huset ditt. Derfor kan mange andre faktorar enn areal ha noko å sei for verdien.

Eg har ei garasje i underetasjen, korleis blir den taksert?

Er det garasje i underetasjen, vil den få faktor 0,2, det tilsvarar ein frittståande garasje.

Tilbakemelding eller klage på eigedomsskatt

Ved tilbakemeldingar og eventuelle klagar på eigedomsskatten kontakt oss på e-post: eskatt@askvoll.kommune.no eller pr post:

Askvoll kommune
PB 174
6988 Askvoll
Merk konvolutten ”Eigedomsskatt”.

Eventuell klage på Skatteetaten sitt formuesgrunnlag må gjerast via klage på skattemeldinga på altinn.no eller rettast til: Skatteetaten, PB 9200 Grønland, 0134 Oslo.


I samsvar med eigedomsskattelova § 14 og 15 og § 6-2 og § 6-3 i Askvoll kommune sine eigedomsskattevedtekter, vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker.

Rådmannskontoret

Telefon : 57 73 07 00
E-post : Send e-post