Om næringstunet:
Næringstunet ligg lett tilgjengeleg midt i Askvoll sentrum. Her er det gratis parkering, gode transportmogelegheiter og butikkar, postkontor, treningssenter og turstiar like i nærleiken.
Kontorfellesskapet er 150 m2 og inneheld 6 kontorplassar, alle fullt møblert. Straum, reingjering og vaktmeistervedlikehald er med i leigeprisen. Leiga inkluderer òg fellesareal som kjøken, møterom, fiber/Wi-Fi og multifunksjonsmaskin.
Fordelar med eit kontorfellesskap:
Fordelane med eit kontorfellesskap er at du kan få eit større arbeidsmiljø rundt deg, samstundes som di eiga bedrift har eigen kontorplass. Ved å arbeide i eit kontorfellesskap kan du få eit større sosialt nettverk noko som kan vere positivt for bedrifta. Du kan få relasjonar som kan føre til samarbeid eller mogelegheiter til å bruke kvarandre sine tenester.
I næringstunet har du òg mogelegheitene til å møte personar du kanskje elles ikkje ville møtt. Å vere ein del av eit kontorfellesskap kan også redusere følelsen av lite kontakt med andre som ein kan få av å arbeide heime, samstundes som ein slepp unna distraksjonane på heimekontoret.
Kontorfellesskapet har låge kostnader samanlikna med andre kontortypar. Ved å dele ressursar kan mindre bedrifter og frilansarar få tilgang til fasilitetar som vanlegvis berre større bedrifter har tilgang til. Ved å leige i næringsunet er du ikkje bunden til å leige i ein lang periode og alt du treng for å gjennomføre arbeidet er tilgjengeleg.

Vil du vete meir?
Ta kontakt med rådgjevar Arve Åsnes i Askvoll kommune for ein prat. Arve treff du på arve.asnes@askvoll.kommune.no, tlf 57730727 og mob 41553275.