Viltforvaltning

To hjortar på grønt og frodig beite
 - Klikk for stort bileteKontoret utfører i dag den kommunale viltforvaltninga for Askvoll, Fjaler og Hyllestad.

Dette medfører kommunal handsaming av bestandsplanar for hjortevilt, tildeling av løyver til vald utan bestandsplan, samt generell rettleiing om viltforvaltning og forvaltning av viltfondet.

 

Årshjul Hjorteviltforvaltning

Her finn du oversikt over kommunen og hjortevalda sine tidsfristar og oppgåver i løpet av året når det gjeld forvaltning av hjortevilt.  Årskalender hjort (PDF, 120 kB)

Viltfondet

Hjortevald betaler inn fellingsavgift for felt hjort til viltfondet etter endt jakt.  Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet. Forskrift om viltfond og kommunale retningslinjer avgjer kva tiltak som kan få støtte og kven som vert prioritert. 
I Hyllestad er det frist 15. mars for å søkje om støtte frå viltfondet.  I Askvoll og Fjaler er det ikkje søknadsfrist, og søknadane vert handsama fortløpande.

Hjorteviltregisteret

I Hjorteviltregisteret finn du informasjon om alle valda.  Kommunen legg inn fellingsløyver og fellingsresultat, sett-hjort, og slaktevekter.  Her vil du og finne tilgang til "sett og skutt" som er ei elektronisk løysing som du sjølv kan bruke til å registrere sett-hjort og slaktevekt.

Andre oppgaver:

  • Jegerprøven. Kontoret arrangerer jegerprøveeksamen.
  • Fallvilt, dette dreier seg i hovudsak om å ta hand om påkjørt hjortevilt.

Felling av dyr som gjer skade:

Dersom hjortevilt gjer vesentlig skade på skog eller jordbruksareal, kan det søkjast om å felle skadedyr. Dette gjeld dersom skadene fører til eit vesentlig økonomisk tap, og det har vore prøvd målretta tiltak for å redusere eller forhindre skadene. Når alle tiltak er utprøvd uten at tilstrekkelig reduksjon av skader er oppnådd, kan kommunen gi skadefellingstillatelse.  Søknadsskjema finn du i menyen.
Gjer merksam på at dersom det vert gjeve løyve til skadefelling av hjort utanfor ordinær jakttid skal dyret ikkje gå av jaktkvote, men må gå av viltfondet.  Altså søkjar må betalte ein kilopris for hjorteslaktet. For meir utfyllande rettleiing sjå Miljødirektoratet sin rettleiar

Ved ettersøkt av skada vilt har:

  • Askvoll kommune inngått avtale med Askvoll ettersøksring.
  • Fjaler kommune og Hyllestad kommune inngått avtale med Fjaler og Hyllestad ettersøksring.

Kontaktinformasjon viltskade:

  • Ved påkøyrsle og mogeleg skade av dyr, ring politiet 02800 / Ettersøksringen i Askvoll 91301221.
  • Ved funn av dødt dyr i eller på riks- og fylkesvegar er Statens vegvesen ansvarleg for fjerning. Kommunen skal også varslast slik at det vert registert i fallviltregisteret.

Kenneth Aaland

Fagkonsulent landbruk
Telefon : 57730739
Mobil : 95999541
E-post : Send e-post