Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Tilskotsordningar i jordbruket

Her har vi samla dei meste brukte tilskotsordningane.
 

Produksjonstilskot

Kven kan søkje om produksjonstilskot?

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke om produksjonstilskot, t.d. arealtilskot, kulturlandskapstilskot, tilskot til husdyr osv. Føremålet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk.

Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedommar.

Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller sprøytejournal kan føre til avkorting av produksjonstilskotet.


Slik søker du

Søknadsskjema: søk om produksjonstilskot via Altinn


Har du spørsmål?

Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine.


Søknadsfristar, telje- og utbetalingsdato

Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie har to søknadsfristar i året:

  • 15. mars (med teljedato 1. mars)
  • 15. oktober (med teljedato 1. oktober)

Tilskota vil bli utbetalt i februar året etter at du har søkt.   

Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Kven kan søke om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel med meir?

Føretak som driv husdyrproduksjon, planteproduksjon på friland, produksjon i veksthus eller honningproduksjon, kan søke om tilskot til avløysing dersom jordbrukaren blir sjuk, skal ha eller har fått barn eller har sjukt barn. Privatpersonar som er etterlaten ektefelle, sambuar, forelder eller barn til avdød jordbrukar kan søke om tilskot til avløysing for inntil 8 veker etter dødsfallet.

Søknadsfrist 

Søknadsfristen er eit år etter siste dag i perioden du søker tilskot for.

Slik søker du

Søk om tilskot til avløysing via Altinn 

Har du spørsmål?

Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. 

Tilskot til tiltak i beiteområde

Kven kan søke om tilskot til tiltak i beiteområde?

Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift kan få støtte til investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområde. Føremålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Slik søker du

Søk om tilskot til tiltak i beiteområde via Altinn

Har du spørsmål?

Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. 

Spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL

Kven kan søke om SMIL-midlar?

  • Føretak som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot.
  • Eigar av landbrukseigedom kan søke, dersom det er ein produksjon på landbrukseigedommen som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot.

Søknaden skal som eit minimum innehalde

  • Omtale av tiltaket
  • Framdriftsplan
  • Kostnadsoverslag (frå bygningskyndig dersom det gjeld bygning)
  • Finansieringsplan
  • Kart over driftseininga der det aktuelle tiltaket, kulturminne, erosjonsutsette areal og område med viktige miljøkvalitetar er avmerkt.
  • Fotografi og/eller teikningar.
  • Løyve frå grunneigar dersom tiltaket skjer på leigd landbrukseigedom.
  • Gjødslingsplan og journal over nytta plantevernmidlar.

Slik søker du

Les gjerne Kommunale Smil- tiltaksstrategiar - Askvoll og Fjaler (PDF, 846 kB) og for Hyllestad (PDF, 144 kB) før du søker. Tiltaksstrategien legg føringar for tildeling av SMIL-midlar. 

Søk om SMIL-midlar via Altinn

Søknadsfrist

  • Søknadsfristen er 30. april. 

Tiltaksstrategien legg føringar for kva SMIL-midlane skal gå til 

Føremålet med SMIL-midlane er å fremme natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusere ureining frå jordbruket utanom det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift. Som følge av siste jordbruksavtale kan kommunen også løyve SMIL-midlar til å dekke over eksisterande gjødsellager.

Har du spørsmål?

Kikk innom på nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. 

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Tilskot til drenering skal betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord for å auke produktiviteten, samt å redusere risiko for erosjon og overflateavrenning til vassdrag. Eigar av, eller føretak som leiger, tidligare grøfta jordbruksareal kan søke.

Søknadsfrist

Du kan søke heile året, det er ingen søknadsfrist. 

Slik søker du 

Søk om tilskot til drenering via Altinn

Har du spørsmål?

Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. 

Regional miljøprogram - RMP

Regionalt miljøprogram skal stimulere til å ta vare på og utvikle det opne og særmerkte kulturlandskapet. Tilskota i miljøprogrammet er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte, til føretak i drift som oppfyller visse vilkår. For å kunne søke må ein ha rett på produksjonstilskot i jordbruket.

Søknadsfrist

  • 15. oktober

Slik søker du

Søk om regionalt miljøprogram via Altinn

Har du spørsmål?

Kikk innom nettsidene til Fylkesmannen i Vestland, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. 

Organisert beitebruk

Driftstilskot til organisert beitebruk skal stimulera til samarbeidstiltak for å få til ein effektiv beitebruk som bidreg til å halde kulturlandskapet ope. Driftstilskot kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmark og redusert tap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak.

Søknadsfrist

  • 15. november

Slik søker du

Søk om tilskot til organisert beitebruk via Altinn

Har du spørsmål?

Les meir om organisert beitebruk på nettsidene til Fylkesmannen i Vestland.

BU-midlar - Innovasjon Norge

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Tilskot/lån til finansiering i samband med investering innan tradisjonelt landbruk, generasjonsskifte, kjøp av eigedom og tilleggsareal.

Les meir om tilskotsordningane på nettsidene til Innovasjon Norge.

Erstatning ved avlingssvikt

Kven kan søkje om erstatning ved avlingssikt?

Jordbruksføretak som har hatt vesentleg avlingssvikt kan søkje om erstatning. Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Erstatning føreset at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til avlingssvikten. Føretaket må melde tidleg i frå til kommunenen om mogleg avlingssvikt, slik at kommunen har høve til å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvisast.

Slik søkjer du

Søk om erstatning via Altinn 

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 31. oktober, og fristen er absolutt. 

Har du spørsmål?

Sjå nettsidene til Landbruksdirektoratet

Du kan og ta kontakt med Johannes Folkestad: johannes.folkestad@askvoll.kommune.no 

 

 

 

Geir Grytøyra

Kommunalsjef landbruk
Telefon : 57 73 07 36
Mobil : 97 06 99 46
E-post : Send e-post

 

Johannes Folkestad

Rådgjevar landbruk
Telefon : 57 73 07 37
Mobil : 47 30 96 33
E-post : Send e-post

 

Liv Synnøve Andersen

Rådgjevar landbruk
Telefon : 57 73 07 38
E-post : Send e-post

 

Velaug Helle Eikemo

Konsulent landbruk
Telefon : 57 73 07 35
E-post : Send e-post