GardskartEit gardskart syner arealressursar og arealtal for ein enkelt landbrukseigedom.Heile Noregs jordbruksareal er kartlagt og klassifisert i ulike kategorier for arealressursar. Dette kartmaterialet nyttast mellom anna i sakshandsaming og som grunnlag for utrekning av produksjonstilskot i jordbruket. Kart er ferskvare, og det er eit kontinuerlig behov for ajourhald. Det er difor viktig at kommunen får melding om endringar i terreng og markslag, eller andre feil i kartgrunnlaget.Gardskart ligg ope ute på nettet og for å sjekke gardskartet for din eigen eigedom skriv du gards- og bruksnummer inn på nettsida Gardskart på internett Publisert av Velaug Helle Eikemo Sist endra 03.12.2020 11.37