Når treng du skjenkeløyve?
-
Har du serveringsløyve og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve
-
Skal du starte opp ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart
-
Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks 3 månader medan du ventar på at søknaden din vert behandla
Slik får du skjenkeløyve
-
Du må ha serveringsløyve for å kunne få skjenkeløyve
-
Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve
-
Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve
-
Det er krav om uklanderleg vandel
-
Styrar og avløysar må dokumentere at dei er tilsette på staden, eller arbeide der i kraft av eigarstilling
-
Styrar og avløysar må vere 20 år ved sal av alkohol over 22 volumprosent
Søk om skjenkeløyve
Du vil bli bedt om å laste opp ein del vedlegg. Søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.
Vedlegg til søknad:
-
Firmaattest. Denne kan du laste ned frå altinn.no.
-
Stadfesting på bestått kunnskapsprøve i alkohollova for styrar og avløysar
-
Leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også sende inn løyve til framleige og fremleigekontrakt
-
Grunneigar sitt løyve til uteservering
-
Teikning av lokalet inne, og ute ved søknad om uteservering
-
Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent
-
Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap
Kor lang tid tar det å få svar?
Faste skjenkeløyver vert gjeve av kommunestyret. Det kan difor ta inntil 3 månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden vert sendt politiet, kemneren og sosialtenesta for vandelsuttale. Deretter vert søknaden behandla politisk.
Kva kostar det?
Det er gratis å søke om skjenkeløyve. Alle som har skjenkeløyve skal betale eit årleg løyvegebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol skjenkestaden forventar å omsette inneverande år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta og vert regulert kvart år.
Rapportering
Omsetning skal rapporterast til Askvoll kommune ein gong i året på eige skjema.
Her finn du meir informasjon om innlevering av oppgåve for alkoholomsetnad.