Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Timebestilling koronavaksine  |  Status vaksinering 
|  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap



 

Må eg ha skjenkeløye og kva type løyve treng eg til mitt arrangement/selskap?

Om du ønsker å skjenke alkohol mot betaling i eit selskap må du søkje om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement. Ta vegvisaren for å sjekke om du må ha skjenkeløyve og kva type løyve du treng:
Kor gammal er du?

Endre svaret
Skal du arrangere eit opent eller lukka arrangement
Eit arrangement er å rekne som ope når du til dømes lager til eit arrangement der ein kan melde seg på eller kjøpe billett ved inngang. Eit lukka arrangement er eit privat selskap som til dømes bursdag, bryllaup eller liknande.

Endre svaret
Skal du servere alkohol mot betaling i ditt private selskap?
Du treng ikkje skjenkeløyve for privat selskap

Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve dersom du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol sjølv, eller du serverer alkohol utan å ta betaling.

Du må søkje skjenkeløyve for privat selskap (ambulerande skjenkeløyve)

Du treng skjenkeløyve for private selskap (ambulerande skjenkeløyve) når du skal servere alkohol i eit lukka lag som til dømes bursdag, bryllaup eller liknande. 

Søk om skjenkeløyve for lukka arrangement 

  • I søknaden skal det førast opp ein ansvarleg person og ein avløysar. Begge må vere fylt 20 år. 

  • Det må ligge føre ein nøyaktig skildring av kor arrangement skal gå føre seg, innandørs og utandørs. 

  • Nokon gonger må du levere inn ein skisse over arealet, og/eller dokumentasjon på at man har fått løyve frå grunneigar. 
     

Frist for å søke 

Du må sende søknaden til kommunen seinast to veker før arrangementet.
 

Kva kostar det? 

Det kostar 390 kroner. Vi sender faktura. 

Skal det vere servering av alkohol mot betaling?
Vert det servering av alkohol mot betaling under arrangementet, eller er alkohol inkludert i billettprisen?
Du treng ikkje skjenkeløyve til enkeltarrangement

Du treng ikkje skjenkeløyve til enkeltarrangement når det ikkje skal serverast alkohol mot betaling eller når alkohol ikkje er inkludert i billettprisen. 

Du kan ikkje søkje skjenkeløyve

Kriterier for å kunne søkje: 

  • Søkjar må vere fylt 20 år

  • Du må oppgje ein person som skal vere ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år. 

Du må søkje skjenkeløyve til enkeltarrangement

Du må søkje om skjenkeløyve til enkeltarrangement. 

Søk om skjenkeløyve til enkeltarrangement 

  • Søkar må vere fylt 20 år

  • Den som skal vere ansvarleg for skjenkinga må vere fylt 20 år. For alkohol under 22 volumprosent gjeld 18 års grense.

  • Ved søknad om skjenkeløyve ved enkeltarrangement må ansvarleg ha utvist uklanderleg vandel.

  • det må ligge føre ein nøyaktig skildring av kor arrangement skal gå føre seg, særleg dersom det er utandørs. 

  • Nokon gonger må du levere inn ein skisse over arealet, og/eller dokumentasjon på at man har fått løyve frå grunneigar. 

  • Løyve frå politiet for offentleg arrangement skal leggjast fram.
     

Frist for å søke 

Ved søknad om skjenkeløyve ved opne arrangement vil vi innhente vandelsuttale frå politiet og evt sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet eller løyvesøkarane. Behandling av slike søknader vil dermed ta noko lenger tid. Søk difor i god tid før arrangementet.
 

Kva kostar det? 

Gebyr for slike løyver er bestemt av alkoholforskrifta. Vi sender faktura.

Vel eit av alternativene ovenfor


Når treng du skjenkeløyve for enkeltarrangement?

  • Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit ambulerande skjenkeløyve. 

  • Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve. 
     

Når kan du sleppe å søke om løyve?

Du treng ikkje søke om skjenkeløyve dersom du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol sjølv, eller du serverer alkohol utan å ta betaling.
 

Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve?

  • Søkar må vere fylt 20 år

  • Den som skal vere ansvarleg for skjenkinga må vere fylt 20 år. For alkohol under 22 volumprosent gjeld 18 års grense.

  • Ved søknad om skjenkeløyve ved enkeltarrangement må ansvarleg ha utvist uklanderleg vandel.
     

Slik søker du:

Søknad om skjenkeløyve skal sendast elektronisk. Du bruker same skjema for både opne og lukka arrangement.

Ved søknad om opne arrangement hentar vi inn vandelsuttale frå politiet på søkjar og ansvarleg for skjenkinga.
 

Søk om skjenkeløyve for enkeltarrangement eller privat selskap
 

Kor lang tid tar det å få svar?

Du får vanlegvis svar på søknad om løyve for lukka lag innan ei veke.

Ved søknad om skjenkeløyve ved opne arrangement vil vi innhente vandelsuttale frå politiet og evt sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet eller løyvesøkarane. Behandling av slike søknader vil dermed ta noko lenger tid. Søk difor i god tid før arrangementet.
 

Kva kostar det?

Gebyr for slike løyver er bestemt av alkoholforskrifta. Vi sender faktura.