Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Timebestilling koronavaksine  |  Status vaksinering 
|  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Kunnskapsprøve i alkohollova

Det er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.  
 

Kven kan ta prøven?

Alle som ønsker det kan ta prøven. Prøven er gjeldande for heile landet, og den har ingen utløpsdato. Styrar og avløysar for sals- og skjenkestader må ha bestått kunnskapsprøven.
 

Kva er pensum?

"Pensumhefte – skjenke- og salgsbevilling" er pensum. Du kan kjøpe materiell som nettkurs og pensumhefte, samt få teste deg sjølv på vinn.no.
 

Kva koster det?

Pris per kunnskapsprøven vert årleg justert etter Alkoholforskrifta § 5 - 6.

Du betaler når du møter for å ta prøven. Du kan betale kontant eller med kort.
 

Kvar kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på rådhuset i Askvoll. Du kan også ta prøven i andre kommunar.
 

Gjennomføring av prøven

  • Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førerkort eller bankkort med bilde.
  • Du må levere frå deg telefonen før du tar prøven.
  • Prøven er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 45 minutt.
  • Prøven er på norsk, det er ikkje anledning til å ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillatt å bruke lovsamling, det kan du få låne på rådhuset.
     

Tilrettelegging ved særskilde behov

Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelsar, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.
 

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven heilt til du består. Du må betale for kvar gong du tek prøven.
 

Påmelding

Ta kontakt med oss på tlf. 57 73 07 00 eller e-post postmottak@askvoll.kommune.no for å avtale tid.
 

Prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøven får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar beviset medan du ventar eller vi kan sende det til deg på e-post.