Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Etablerarprøve for serveringsstader

Kven kan ta prøven?

Alle som ønsker det kan ta prøven. Prøven er gjeldande for heile landet, og den har ingen utløpsdato. Dersom du skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, må du ha bestått etablererprøven.
 

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell – etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum. Du kan kjøpe materiell som nettkurs og pensumhefte, samt få teste deg sjølv på vinn.no
 

Kva koster det å ta prøven?

Etablerarprøve
Etablerarprøve Pris
pris pr. prøve Prisen vert årleg justert etter Alkoholforskrifta §5 - 6

Kvar kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på rådhuset i Askvoll. Du kan også ta prøven i andre kommunar.
 

Gjennomføring av prøven

Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førerkort eller bankkort med bilde.

Du må levere frå deg telefonen før du tar prøven.

Prøven er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.

Prøven er på norsk, det er ikkje anledning til å ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillatt å bruke lovsamling, det kan du få låne på servicetorget.

Tilrettelegging ved særskilde behov

Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelser, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.
 

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven heilt til du består. Du må betale for kvar gong du tek prøven.
 

Påmelding

Ta kontakt med oss på tlf. 57 73 07 00 eller e-post: postmottak@askvoll.kommune.no  for å avtale tid.
 

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar beviset medan du ventar, eller vi sender det til deg i etterkant.