Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap

Du må søke om skjenkeløyve for eit enkelt høve dersom du skal ha eit arrangement som er ope for alle, og det vert servert alkohol mot betaling, eller dersom alkohol er inkludert i billettpris.  Opne arrangement er for eksempel dersom du lagar eit arrangement der ein kan melde seg på eller kjøpe billett ved inngang.

Når treng du skjenkeløyve for private selskap? (ambulerande løyve)

Du må søke skjenkeløyve dersom du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka lag som til dømes bursdag, bryllaup eller liknande.

Når kan du sleppe å søke om løyve?

Du treng ikkje søke om skjenkeløyve dersom du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol sjølv, eller du serverer alkohol utan å ta betaling.

 

Kven kan få skjenkeløyve?

  • Søkar må vere fylt 20 år
  • Den som skal vere ansvarleg for skjenkinga må vere fylt 20 år. For alkohol under 22 volumprosent gjeld 18 års grense.
  • Ved søknad om skjenkeløyve ved enkeltarrangement må ansvarleg ha utvist uklanderleg vandel.

 

Slik søker du:

 

Søk om skjenkeløyve for eit enkelt arrangement - ambulerande skjenkeløyve

Du bruker same skjema for både opne og lukka arrangement.

Ved søknad om opne arrangement hentar vi inn vandelsuttale frå politiet på søkjar og ansvarleg for skjenkinga.

Kor lang tid tar det å få svar?

  • Du får vanlegvis svar på søknad om løyve for lukka lag innan ei veke.
  • Ved søknad om skjenkeløyve ved opne arrangement vil vi innhente vandelsuttale frå politiet og evt sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet eller løyvesøkarane. Behandling av slike søknader vil dermed ta noko lenger tid. Søk difor i god tid før arrangementet.

Kva kostar det?

Gebyr for slike løyver er bestemt av alkoholforskrifta. Vi sender faktura.

 

 

 

Einskildløyve

Einskildløyve  gjeld arrangement som er opne for publikum. Kommunen vil i slike saker innhente uttale frå lensmannen og sosialtenesta (NAV)

I ruspolitisk plan for Askvoll kommune for perioden 2020 – 2024 står det m.a. følgjande om einskildløyve:
Den ansvarlege (skjenkestyrar) for einskildløyve  for større arrangement som td. Skjærgårdstreffet, Krabbefestivalen m.v., må ha teke kunnskapsprøven for skjenkeløyve.  Arrangør av større einskildarrangement må ha tett dialog med politiet omkring sikring av området, kontroll, generelle ro- og ordensbestemmelsar og trafikale omsyn.  Pålegg frå politiet skal her følgjast.

Inger Johanne Breidvik

Konsulent/arkivleiar
Telefon : 57 73 07 06
E-post : Send e-post

 

Håkon Loftheim

Rådmann
Telefon : 57 73 07 03
Mobil : 913 89 474
E-post : Send e-post