Det må søkjast om serveringsløyve for å kunne drive serveringsstader der det skal serverast mat og/eller drikke.
Styrar for serveringsstaden må ha bestått etablererprøva i serveringslova før serveringsløyvet vert gitt.
Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.
Sist endra03.12.2020 11.25