Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

For testing kontakt legekontoret på tlf. 57 73 46 00 måndag til fredag før kl. 11.00

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Breiband

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for breiband. Gjennom denne ordninga vil regjeringa sikre eit tilstrekkeleg godt breibandtilbod til områder det ikkje er lønsamt å byggje ut på kommersielle vilkår.

Klikk for stort bilete

I 2017 planlegg Askvoll kommune å søkje tilskot til breibandutbygging i området langs Førdefjorden. 

Kommunane og fylkeskommunen kan søke Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) om støtte frå denne tilskotsordninga. Det er ei årleg søknadsrunde med søknadsfrist om våren og tildeling om hausten. Regjeringa har i 2017 sett av 138,7 millionar til breibandutbygging.

Formålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet (dvs. mellom 4 og 30 Mbit/s nedlasting). Det kan også gjevast tilskot til å auke kapasiteten for breiband i områder det ikkje kan forventast å komme nye kommersielle tilbod i dei næraste åra.

Evalueringskriterier for søknaden

Ordninga er teknologinøytral med krav til prosjektskildring og dokumentasjon etter seks fastsatte evalueringskriterier.

  1. Tal nye husstandar som får eit breibandstilbod
  2. Kostnadseffektivitet
  3. Lokal medfinansiering
  4. Plan for berekraftig drift
  5. Forbetring av eksisterande breibandstilbod
  6. Påverknad på lokal samfunnsutvikling

Samarbeid med bygdelag i kommunen

Utbygging av moderne og framtidsretta breibandnettverk er ei utfordrande oppgåve og krev stor lokal innsats over lengre tid. Samarbeid mellom kommune og bygdelag er avgjerande for både mobilisering, planlegging og gjennomføring av breibandprosjekt.

Viktige oppgåva bygdelaga kan starte med er kartlegging av behov og interesse for utbygging av breiband i bygda. Bygdelaga bør lage ei interesseliste med oversikt husstandar som vil inngå avtale når tilbod kjem, og som ønskjer å gå inn med ein eigenandel i form av dugnadsinnsats eller finansielle midlar. 

I tillegg vert bygdelaga oppmoda til å kartlegge eksisterande nettverkskapasitet i aktuelt området ved å måle opplevde hastigheit i nettet.

Tidlegare utbyggingsprosjekt i Askvoll kommune

I 2014 fekk Askvoll kommune tildelt 2 817 500 i statleg støtte frå den nye tilskotsordninga til fiberutbygging på Bulandet og i Værlandet. I løpet av hausten 2016 skal fiberutbygginga vere ferdig her.

I 2016 vart kommunen løyvd kr. 1 074 000 i støtte frå Nkom og fylkeskommunen til breibandutbygging på Atløy. Prosjektet har vore lyst ut på Doffin, og er i siste fasen av anbodsprosessen.

I perioden 2013 – 2015 er det bygd ut radioløysing på Hellestrand og i Vårdal, og fiber i Askvoll sentrum. Desse prosjekt har fått støtte frå tidlegare tilskotsordningar til breibandutbygging.

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post