Om Askvoll ungdomsråd
Askvoll ungdomsråd (AUR) er samansett av 11 medlemer fordelt på dei ulike ungdomsskulane i kommunen. Det er også med ungdom som går på vidaregåande skule. Rådet blir valt for to år.
Rådet skal gje opplæring i demokratisk arbeid og påverknad, og er også eit høyringsorgan i ungdomssaker. Det er partipolitisk uavhengig, og har møte og talerett både i komitear, formannskap og kommunestyre.
Innspel til saker?
Har du forslag til saker som AUR bør ta opp, kan du sende innspel til leiar, administrasjonen i kommunen. Forslag til saker kan komme frå elevane via elevråda, enkeltpersonar eller frå administrasjonen i kommunen.
Politikarane er hjarteleg velkomne til å møte og snakke med ungdommane!
Medlemmer, møteplan og saker