Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Ung i Askvoll-midlar

Askvoll ungdomsråd har ei eige tilskotsordning for ungdom heimehøyrande i Askvoll kommune.
 

Slik søker du

Søknad om tilskot frå Ung i Askvoll-midlar skal registrerast elektronisk. I 2021 er søknadsfristen sett til 24.mai.  Tilskotsordninga vert lyst ut månadsskifte februar/mars. I 2021 har Askvoll ungdomsråd kr. 15.000 til fordeling.
 

Gå til søknadsskjemaet
 

Kven kan søkje?

Ungdom mellom 13 og 20 år frå Askvoll kommune kan søkje om støtte frå ordninga «Ung i Askvoll» til musikk, teater/film, kurs og fritidsaktivitetar etc.
 

For meir informasjon om ordninga, sjå retningsliner for Ung i Askvoll-midlar: 

 

Retningsliner for Ung i Askvoll-midlar

Vedtatt av Askvoll ungdomsråd i sak 005/16

Askvoll Ungdomsråd fordeler årleg av eigne midlar. Midlane blir tildelt i møtet etter søknad frå elevråd, organisasjonar, grupper og enkeltpersonar. Ein del av midlane kan fordelast til tiltak som AUR sjølv ynskjer å sette i gang t.d. arrangement. 

  1. Ungdom mellom 13-20 år frå Askvoll Kommune kan søkje om midlar. Både enkelt personar og grupper kan søkje.

  2. Det kan søkjast om støtte til musikk, teater/film, kurs og fritidsaktivitetar etc.

  3. Pengane skal søkjast av ungdommar og vere for ungdommar

  4. Maksimal støtte per tiltak er kr. 5.000

  5. Ungdomsrådet gjer vedtak om støtte

  6. Midlane skal gå til aktivitetar som flest mogeleg unge har nytte og glede av i sitt nærmiljø

  7. Midlane kan nyttast til planlegging av tiltak, kjøp av tenester, utstyr, og materiell til gjennomføring av tiltak. Midlane kan òg nyttast til å opprette nye tiltak i eksisterande kultur- og fritidslokaler

  8. Søknader om tilskot vil krevje eigeninnsats i form av dugnadsarbeid og/eller eigne midlar

  9. Alle som har fått løyvd støtte har rapporteringsplikt. Ein vil vurdere og å utelukke framtidige søknader om ein ikkje leverar inn rapport og kvitteringar etter å ha fått løyvd pengar

  10. Avslag på søknader skal grunngjevast

  11. Vedtak kan ikkje klagast på. 

 


 

Sakshandsaming

Askvoll ungdomsråd fordeler midlane. Søkjar får svar på søknaden innan 1.juli.

 

 

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post