Kulturmidlar

Askvoll kommune lyser årleg ut tilskot til kulturaktivitetar. 
 

Slik søker du

Tilskotsordningar har søknadsfrist årleg den 1.mai, og vert lyst ut i månadsskifte februar/mars. I 2021 har Askvoll kommune kr. 60 000 til fordeling. Av desse vart kr. 11.000 fordelt på våren, og dei resterande kr. 49.000 kan no søkjast på forløpande fram til midlane er fordelt.

Søknaden skal sendast inn elektronisk.
 

Gå til søknadsskjemaet


Kven kan søkje?

Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idretts- og andre fritidsaktivitetar, kan søkje støtte frå ordninga.


For meir informasjon om ordninga, sjå retningsliner for kulturmidlar:

Retningsliner for kulturmidlar

Vedtatt i KOM-sak 006/19

Føremål:

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til aktivitetar og tilskipingar for innbyggjarane i Askvoll kommune.


Kunngjering:

Kunngjering av tilskotsordninga skjer i Firda, på kommunen sin nettside og facebookside, og ved oppslag på rådhus og lokal butikk i god tid før søknadsfristen. 70 % av den budsjetterte ramma vert lyst ut på våren med fast søknadsfrist. Resterande 30 % vert lyst ut etter sommaren og kan søkast på fortløpande.


Handsaming:

Administrasjonen ved rådmannen vurderer søknadane ut frå vedtekne retningsliner og gjev løyve om tilskot innanfor budsjetterte rammer.


Kven kan søkje?

Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idrett- og andre fritidsaktivitetar. Ein kan søkje tilskot til fleire aktivitetar, men ein kan ikkje søkje fleire gangar til same aktivitet i same år.


Kriteria for tildeling:

  1. søknad må sendast elektronisk via www.askvoll.kommune.no, og informasjon skal vere utfylt i skjema for at søknaden skal verte godkjent

  2. støtte skal i regelen munne ut i aktivitet/arrangement

  3. følgjande aktivitetar vert prioriterte blant søknadene:

    1. aktivitetar som har barn og unge som målgruppe 

    2. aktivitetar som har fokus på felleskap og inkludering

  4. det kan gjevast støtte til kurs/opplæring og foredrag


Vilkår for tilskot:

  1. aktivitetar som får tilskot, forpliktar seg til å sleppe inn følgjepersonar til funksjonshemma gratis, så lenge desse har med følgjekort

  2. utbetaling skjer i hovudsak etter at tiltaket er gjennomført og rapportert. Dersom tilskotet ikkje vert nytta i tråd med planane i søknaden, kan Askvoll kommune vurdere tilskotet på nytt.

  3. tilskot som ikkje er utbetalt innan utgangen av det året tilskotet er gjeve, vert inndrege.

  4. tilskot kan ikkje nyttast til ordinær drift av lag eller faste øvingar/treningar, men til oppstart eller gjennomføring av konkrete prosjekt, aktivitetar eller som underskotsgaranti.

  5. tilskot kan ikkje nyttast til investeringar i bygg og anlegg.

  6. politiske parti og organisasjonar, næringsorganisasjonar, yrkesfaglege organisasjonar, trus- og livssynssamfunn og organisasjonar med økonomiske føremål, fell i regelen utanfor tilskotsordninga.


Klagehandsaming

Det er ikkje høve til å klage på vedtaket.


Kulturmidlane i forhold til andre kommunale tilskotsordningar:

Reine ungdomsarrangement bør søkje støtte frå «Ung i Askvoll-midlar» som Askvoll ungdomsråd tildeler ut frå eigne vedtatte retningsliner og innanfor budsjetterte rammer. Tiltak/aktivitetar med næringsretta profil som støttar handel og reiseliv (t.d faste festivalar) kan søkje tilskot til marknadsføring frå ordninga «kommunalt tilskot til nærings- og infrastrukturretta tiltak».

 


Sakshandsaming

Administrasjonen ved rådmannen fordeler midlane etter vedtekne retningsliner for ordninga.

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post