Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Kontingentstøtte til frivillige lag og organisasjonar

Person som reknar ut noko på kalkulator og noterer på notatblokk - bilde - Klikk for stort bilete Bilete av Acharaporn Kamornboonyarush frå Pexels    
Søk kontingentstøtte innan 15.juni 2021. 

Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar som har tapte inntekter knytt til manglande innbetaling av medlemskontingent og/eller treningsavgift frå barn og unge i målgruppa.

Tilskot vert ikkje prioritert til tiltak som er drive på forretningsmessig basis.

I 2021 er det sett av ein pott på kr. 20.000 som idrettslag og andre frivillige organisasjonar kan søkje tilskot frå om å få dekka manglande kontingentinnbetalingar frå medlemmer i målgruppa (barn og unge) som kan skuldast økonomiske vanskar.
 

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknader om tilskot skal leverast elektronisk til Askvoll kommunen. Søknadsfristen er 15.juni 2021
 

Gå til søknadsskjema for kontingentstøtte


Søkjar skal sende inn oversikt over laget sine kontingentsatsar og rapport på tal manglande kontingentinnbetalingar for barn og unge i målgruppa og samla inntektstap for laget.

 

Retningsliner for ordninga

 

Føremål med ordninga om kontingentstøtte

Føremålet med tilskotsordninga er at den skal vere eit verkemiddel for lag og organisasjonar til å gje barn og unge (målgruppa) høve til deltaking og inkludering på viktige sosiale arenaer, som fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra sin inntekt og sosiale situasjon. Det er eit tiltak som skal vere med på å førebyggje og/eller dempe konsekvensar av fattigdom.

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post