Kven kan søkje?
Ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto. Klubben må ha ein aktivitetsplan, føre enkel oversikt over aktivitetar og tal deltakarar gjennom året og rekneskap for drifta.
Aktiviteten i klubben skal vere open for alle. Eventuelle inngangbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon ekskluderast frå å vere med på grunn av økonomi.
Søknadsfrist og søknadsskjema
Tilskotsordninga har årleg søknadsfrist i månadsskifte november/desember, og vert kunngjort på vår nettside og Askvoll kommune sin facebookside. Søknaden skal leverast elektronisk.
Handsaming
Askvoll ungdomsråd handsamar søknadene, og fordeler tilskotet.