Kulturskulen/Dans Utan Grenser Askvoll Kulturskulen og Dans Utan Grenser Askvoll tek no i bruk eit nytt digitalt administrasjonssystem. Systemet heiter SpeedAdmin og blir brukt av dei aller fleste kulturskulane i Noreg. For elevar og foreldre vil det seie at ein mellom anna kan logge seg inn i systemet for å få tilgang til informasjon om timeplan, skulerute, konsertoppsett, fakturainformasjon, kontaktinformasjon og mykje meir. Vi ber no om at alle registrerer seg i dette systemet for å halde fram på tilbodet de går på. Det gjeld altså alle elevar i kulturskulen og deltakarar i Dans Utan Grenser Askvoll. Dersom de treng hjelp til påmelding/registrering, eller har andre spørsmål om tilbodet, må de gjerne kontakte kulturskulerektor Mats Systaddal, tlf 57730723/mob 97460697 Registrer deg her Dersom du er ny elev og ønskjer å søkje på eit tilbod, bruker du same linken.