Slik søker du
Du søker elektronisk om løyve til motorferdsel i utmark.
-
Legg ved kart som viser planlagt køyrerute.
-
Gjeld søknaden transport av funksjonshemma må du legge ved legeattest som dokumentasjon.
-
Dersom du skal køyre over andre sin eigedom må du ha løyve frå grunneigar.
Gå til søknadsskjema for motorferdsel i utmark
Kva er nyttekøyring?
Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for utmarksnæring, transport av funksjonshemma, transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg. Sjå informasjon frå Miljødirektoratet.
Kva skjer vidare?
Vi behandlar søknaden din så raskt som mogleg, men du bør alltid sende søknad i god tid. Dersom vi treng meir enn ein månad til å avgjere søknaden, skal du få skriftleg melding om årsaka.
Klage på vedtak
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet.
Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med tenestetorga i kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland, som avgjer klagen.