Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

For testing kontakt legekontoret på tlf. 57 73 46 00 måndag til fredag før kl. 11.00

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Allemannsrett og ferdselsreglar

For at alle skal ha glede av tur- og friluftsaktivitetar i kommunen vår, må vi ha nokre reglar som hjelper oss med å ta omsyn til kvarandre.

Nokre enkle ferdselsreglar

  • Bandtvang for hundar: I Askvoll kommune skal hundar haldast i band i perioden frå 1. april til 1. november. Bandtvangen gjeld i både ut- og innmark. Dyrelivet er ekstra sårbar i tidsrommet når bandtvang er gjeldande. Bandtvang sikrar at hunden ikkje kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, medrekna viltets egg, reir og bo. For meir informasjon og reglar rundt bandtvang for hundar sjå:

  • Beite: Om sommaren vert mange av turområda brukt til beite for sau og storfe. Vis omsyn om du møter beitedyr og ikkje jag desse. Meld frå til nærmaste gard om du kjem over sjuke, skadde eller døde dyr.

  • Villrein: Det er villrein i store delar av fjellområda i Sunnfjord. Vis omsyn dersom du møter rein, uroa ikkje villreinen unødig.

  • Praktiser skånsam ferdsel, og ikkje ta deg til rette på private vegar, tun og stølar.

  • Bål- og bråtebrenning: Innanfor tidsrommet 15.april til 15.september er det forbode å gjere opp eld nær skog og mark. Bråtebrenning er ikkje tllatt uansett tid på året i område med tett busetnad og i bustadfelt. Sunnfjord kommune administrerer branntenester for Askvoll kommune. Les meir om bål- og bråtebrenning på Sunnfjord kommune sine nettsider. Føresegnene for Sunnfjord kommune gjeld òg for Askvoll kommune.

  • Ver varsam med eingongsgrillar.

  • Kast ikkje søppel i naturen. Flaskeskår og blikkboksar kan skade både dyr og folk, det same kan rista frå eingongsgrillen.

  • La sjeldne og sårbare vekstar får stå i fred. Di er vakrast der dei står.
     

Aktuelle lover. forskrifter og anna relevant informasjon