Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Askvoll sogenemnd

Kontaktinformasjon:

Medlemer til Askvoll sogenemnd for perioden 2019 - 2023

Medlemer Askvoll sogenemnd 2019-2023
Medlemer Varamedlemer
Hilde Wåge (leiar) Rolf Losnegård
Kari Eikenes Helle (nestleiar) Aud Kari Steinsland
Per Vidar Nybø Magnhild Hoddevik
Bengt Ronny Landøy-Midtbøen
Reidun Landøy
Lasse Vie
Leif-Jørgen Leknes

Om Askvoll sogenemnd:

Askvoll sogenemnd er ei kommunal nemnd med 7 medlemer som er valt av kommunestyret. Nemnda vart skipa i 1946, og har opp gjennom åra gjeve ut ei rekkje publikasjonar om lokal historie. Artikkelsamlinga Sogehefte for Askvoll kommune (tidlegare "sogeskrift for Askvoll kommune") er vorte ei årleg tradisjon og byr på mykje fin lesestoff. Det første heftet vart gjeve ut for 39 år sidan. Mellom 2004 og 2013 vart det eit opphald, men sognemnda sitt arbeid med lokal historie i skriftlege publikasjonar låg ikkje nede i desse åra. I denne perioden vart den store allmennsoga for Askvoll kommune gjeve ut "Havfolk og fjordfolk" av Gaute Losnegård, og ei anna viktig bok var "Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia" av Arvid Follevåg.
 

Oversikt over publikasjonar i sal:

Sogenemnda: oversikt over publikasjonar i sal
Tittel Stykkpris
Sogehefte 2020 og 2019 kr. 200
Sogehefte 2018-2013 kr. 100
Sogeskrift for Askvoll 1 - 17 kr. 100
Gåvesett Sogeskrift for Askvoll 1-17 (ordinær pris kr. 1 700,-) kr. 990
Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia kr. 350
På kjøl mellom kystperler i Askvoll og Solund kr. 100
Kvammen kapell 30 år kr. 250
Havfolk og Fjordfolk bind I og II kr. 498 (både per stykk og for kjøp av begge bind)
Frå Heimbygda - etter Bernt Askevold sine minnebøker kr. 60
Stadnamnkatalog for Askvoll (til sals på Husflidbua i Askvoll) kr. 150
Askvoll Bygdebok Folket II A og Folket IIB er utseld. Desse er tilgjengeleg digitalt i nettarkivet til nasjonalbiblioteket*
Askvoll Bygdebok Folket III kr. 250
Frå Blegja til Bulandet - Biletbok for Askvoll 1905-2005 kr. 150

* Lenke til digital utgåve av Askvoll Bygdebok Folket II A og Folket II B (ættarbok frå det 16. århundrad til 1969): 


Publikasjonane er til sals på rådhuset i Askvoll (rådmannskontoret i 2.etasje). Vi kan òg sende i posten, men då kjem frakt i tillegg. For spørsmål ta kontakt på tlf. 57 73 07 00 (menyval 1 - rådmannskontor) eller på e-post postmottak@askvoll.kommune.no.