Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Arrangement og smittevern

Når du skal lage til eit arrangement, må planlegging og gjennomføring skje i tråd med forskrifta og gjeldande råd og reglar. 

Smittesituasjonen i Askvoll kommune

Askvoll kommune følgjer nasjonale råd og reglar, så lenge smittesituasjonen tillèt det. Per no er vi i risikosone 1 (ingen eller få tilfelle), og då gjeld det ikkje strengare reglar her lokalt enn dei nasjonale. 
 

Kva vert rekna som eit arrangement?

"Sammenkomst på offentleg stad eller i lokaler og utandørs areal som leigast eller lånas ut, inkludert hotell, grendehus, forsamlingshus, konferansesalar og hallar"


Nasjonale råd og reglar om smittevern

Det er eigne nasjonale reglar for arrangement som må følgjast jf. kap 5 i covid-19-forskrifta: 

Utdrag av nasjonal råd og reglar som gjeld per i dag: 

  • Hald minst ein meter avstand til andre. Hald hendene reine, og hald deg heime viss du er sjuk 

  • Avgrens sosial kontakt og møt heller andre utandørs enn innandørs

  • Ikkje oppsøk arrangement i andre kommunar dersom du bur i ein kommune med høgt smittenivå. Planlegg deltaking på arrangementet godt, slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. 

  • Ikkje ha besøk av fleire enn 10 gjestar. Viss alle gjestane høyrar til same husstand, kan de vere fleire, men de må kunne halde avstand. Ved besøk heime vert ikkje beskytta (Helsedirektoratet) rekna med i oppmodinga om kor mange ein maksimalt bør vere. 

  • Det er eigne nasjonale reglar for arrangement som må følgjast. 

  • Utanom i private heim kan ein på private samankomster samlast maksimalt 20 personar innandørs og 30 personar utandørs. Born i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit naudsynt tal vaksne personar som tilretteleggarar.

  • Maks 50 personar på innandørs offentlege arrangement utan fast, tilviste plassar. Men likevel inntil 100 barn og unge under 20 år som høyrar til same kommune, eller som deltar på trening, øving, prøvar, og liknande i same kommune.

  • Inntil 200 personar på arrangement innandørs, som kultur- og idrettsarrangement, konferansar og gudstenester, der alle sit på faste, tilviste plassar

  • Inntil 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar fordelt på 3 kohortar (grupper) à 200 personar dersom dei sit i faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane. 

  • Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve

    • Innslepp- og skjenkestopp er utvida til kl.24.00, og kravet om matservering ved skjenking gjeld ikkje lenger. Det vert framleis stilt krav om bordplassering og ein meters avstand. 
    • Krav til smitteverntiltak: registrering, redusert tal gjestar og krav til avstand, innandørs og utandørs. 

På regjeringen.no finn du oversikt over alle gjeldande tiltak: 

Viktige moment og informasjon i planlegging av eit arrangement: