Kven kan søkje?
Om du ikkje får dekka ditt daglege behov for pleie og omsorg i heimen eller i omsorgsbustad, kan du søkje om langtidsopphald. Søkjar må ha behov for langtidsplass i sjukeheim, og før langtidsplass vert innvilga bør det være fosøkt med tenester i heimen, som til dømes heimesjukepleie.
Kva kostar det?
Ved langtidsplass i institusjon vert eigenbetalinga basert på inntekt, og skal betalast pr. månad. Korleis eigenbetalinga vert utrekna, går fram av Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester § 3.
Korleis kan du søkje?
For å kunne søkje på tenesta må du bu eller opphalde deg i kommunen. Søknaden må være skriftleg. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk for kartlegging av din livssituasjon. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.