Finn viktig informasjon om:

 

Kreftomsorg og lindrande behandling

Askvoll kommune har som mål at du som vert sjuk og dine pårørande skal verte ivaretekne på ein god måte, og oppnå best mogeleg livskvalitet.

Kreftomsorga i kommunen skal difor vere eit lågterskeltilbod, der du som ønskjer det kan ta kontakt tidleg i sjukdomsgangen.

Kreftkoordinator og Ressurssjukepleiar er fagpersonar som:

  • Har tid til å lytte
  • Skal syte for å samordne spørsmål og gje rettleiing
  • Kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
  • Kan bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte