Kven kan få korttidsopphald?
Du må ha behov for rehabilitering, habilitering, utredning eller anna for for å søkje. Før korttidsplass vert innvilga, vert det vurdert om hjelpa kan ytast i heimen, av til dømes heimesjukepleie.
Slik søkjer du:
Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
Søk om helse- og omsorgstenester
Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.
Papirsøknaden sender du til:
Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)
Det skiljast mellom tre typar kortidstilbod:
- Korttidsopphald – utredning
- Korttidsopphald – rehabilitering
- Korttidsopphald – dagopphald/anna føremål
Kva kostar det?
Betaling for korttidsopphald og dag-/nattopphald på Askvollheimen skjer etter dei til ei kvar tid gjeldande lover/føresegner som vert fastsett i Helse- og omsorgsdepartementet.
- Korttidsopphald: For tida kr. 180,- per døgn.
- Dagtilbod for heimebuande med demens: For tida kr. 180,- per dag