Finn viktig informasjon om:

 

Avlasting i institusjon

Avlastinga er til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Den kan bli gitt som heimehjelp, dagopphald eller avlastingsopphald på sjukeheimen. Den hjelpetrengande sjølv kan også søkje.

Kven kan søkje?

Om du har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen kan du søkje om avlasting. Ved handsaming av søknad vil kommunen mellom anna kunne ta omsyn til om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, om arbeidet er meir tyngjande enn vanleg, og om det fører til avbrot i søvn om natta eller sosial isolasjon.

Kva kostar det?

Avlasting i institusjon er gratis.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)