Finn viktig informasjon om:

 

Psykologtenesta i Askvoll

 

Psykologen skal samarbeide tett med fastlegane og helsestasjonen. Om innbyggarane ynskjer kontakt med psykologen, må dei ta kontakt med helsestasjon eller fastlege som kan gjere ei vurdering og formidle kontakt vidare til psykologen.

I fyrste omgang vil psykologen ha fokus på born og unge opp til 20 år. Psykologen skal samarbeide tverrfagleg med andre yrkesgrupper gjennom til dømes rettleiing og samarbeidsmøter. Ho vil og ta i mot klientar individuelt for avklaring og eventuell behandling innanfor eit begrensa timetal. 

Ved behov for rask eller akutt hjelp, ta kontakt med fastlege eller legevakt.