Finn viktig informasjon om:

 

Psykiatrisk sjukepleie

Psykiatrisk sjukepleieteneste utfører sjukepleiefagleg rettleiing, støtte, oppfølging av medisinering m.m. ved psykiske lidingar.

Tenesta tek i all hovudsak imot personar over 18 år.

Kontoradresse

Begge psykiatriske sjukepleiarar har kontor i 2. etg. på Helsehuset, Prestemarka 1.

Postadresse:  Postboks 57, 6988 Askvoll

Arbeidsoppgåver

Ein psykiatrisk sjukepleiar kan hjelpe folk med psykiske lidingar, rus eller som har ein vanskeleg livssituasjon.  Hjelpa kan vere støttesamtalar, medisinhandtering, råd og rettleiing, både for pasient og pårørande.

 

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Du kan òg ta direkte kontakt med psykiatrisk sjukepleiar, slik at vi saman med deg kan vurdere ditt behov.

 

Klage på vedtak

Vedtak kan klagast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.  Ei evt. klage skal sendast til omsorgskontoret der kommunalsjef helse- og omsorg er sakshandsamar.  Klaga kan fremjast muntleg eller skriftleg, der det vert grunngjeve kva endringar som er ønskjeleg.  Klagefrista er 4 veker etter at vedtaket er motteke.  Tilsette ved omsorgskontoret kan hjelpe til med å setje opp slik klage. Saka vert vurdert på nytt og du får tilbakemelding om utfallet.  Dersom vedtaket vert oppretthalde, skal saka sendast Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

 

Seksjonsleiar: Olaug Søreide, olaug.soreide@askvoll.kommune.no

Connie Aven

Psykiatrisk sjukepleiar
Telefon : 93066423
E-post : Send e-post

 

Solveig Nordeide

Psykriatrisk sjukepleier
Telefon : 41621303
E-post : Send e-post