Demensteam i Askvoll kommune

Helse- og omsorgsetaten har tilbod retta mot pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens. Det vert jobba for å kome pasientane sine behov i møte, gje meir kunnskap om demenssjukdommar, og å betre kvaliteten på samveret med personar som er råka av demens.

Kven er vi?

Askvoll kommune har frå 1. september 2021 oppretta eit demensteam som består av:

  • spesialsjukepleiar Silje Mjåseth
  • spesialsjukepleiar Venke Holmelid
  • ergoterapeut Alice Eimhjellen
  • lege Siv Tønder

Dersom du sjølv, eller nokon du kjenner, har problem med hukommelse eller har ei demensdiagnose, kan du ta direkte kontakt med oss. Fastlege og heimesjukepleie kan òg henvise til demensteamet. Ein kan kontakte demensteamet på telefon 908 50 270. Om vi ikkje svarar, kan du legge igjen ein beskjed, så tek vi kontakt.
 

Søknadskjema


Kva er målsetjinga til demensteamet?

Vi ynskjer å jobbe for at personar med demens og deira pårørande skal få ein betre kvardag:

  • Personar med demens skal få trygge og tilpassa tenester gjennom heile sjukdomsforløpet, av tenesteytarar med god kunnskap og kompetanse om demens, og kjennskap til den enkelte si historie.
  • Tidleg utgreiing og tett oppfølging etter diagnose.
  • Personar med demens skal få aktive og meiningsfulle dagar som kan vere med på å førebygge og utsetje følgjene av demenssjukdommen.
  • Pårørande til personar med demens skal få støtte, avlasting og kunnskap om demens, slik at dei kan meistre oppgåva som pårørande på ein god måte.


Korleis kan vi hjelpe deg?

  • Heimebesøk med samtale og kartlegging av hukommelse og funksjon.
  • Du og familien kan få råd, rettleiing og informasjon knytt til demenssjukdommen.
  • Oppfølging av ein kontaktperson, og telefonkontakt ved behov.
  • Kartlegging av behov for hjelp.
  • Hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidreg til auka sikkerheit.
  • Rettleiing til helsepersonell.


Du er ikkje åleine.

Det er estimert at det var over 101.000 personar med demens i Noreg i 2020. Førekomsten aukar med stigande alder, men kan òg ramme yngre under 65 år. Demens skapar store endringar, både for den som får sjukdommen og for nær familie.

Demensteam

Mobil : 90850270