Omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad som er eigd og vert leigd ut av Askvoll Kommune.
For å kunne søkje om omsorgsbustad, må du bu i kommunen, og du må sende ein skriftleg søknad.
Gå til søknadskjema
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)
Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
Bustaden
-
Bustaden er tilpassa funksjonshemma og tilrettelagt for at bebuar skal kunne motta heildøgns omsorg.
-
Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester må søkjast og tildelast etter same vilkår som for andre heimebuande.
Målgruppe
- Pleietrengande eldre og funksjonshemma
Vilkår
-
Søkjar må ha behov for heimesjukepleie / heimehjelp
-
Søkjar må ha eit særleg stort hjelpebehov og / eller ha spesielt nytte av nærleik til institusjonen, no eller i nær fremtid
-
Søkjar bør kunne bruke tryggleiksalarm
-
Søkjar må sjølv ønskje omsorgsbustad
-
Det må vere ledig omsorgsbustad i kommunen
-
Før omsorgsbustad vert innvilga, vert det prøvd ut med tenester i heimen
Sist endra03.12.2020 11.11