Volontørteneste - aktiv ungdomEuropeisk Volontørteneste er frivillig arbeid for ungdom i utlandet Kva er Volontørtenesta? European Voluntary Service (EVS) eller Europeisk Volontørteneste gjer det mogleg for ungdom mellom 17-30 år å jobbe frivillig i 2-12 månader i eit anna land i Europa eller EUs naboland. Voluntørenesta er ein del av Aktiv Ungdom sitt EU-program for ikkje-formell opplæring, og føremålet er at unge Europeere skal utvikle solidaritet, felles forståing og toleranse for kvarandre. Askvoll kommune har i 2017 blitt godkjent av Erasmus+/Aktiv Ungdom som mottakar og sender av volontørar. For 2017 har vi fått økonomisk støtte frå ordninga for å bli vert til to volontørar. Ein kjem frå Italia og ein frå Tyskland. Planen er at dei skal starte i kommunen frå 1.september. Er det eit lag eller ein organisasjon i kommunen som kan ha nytte av ein volontør til ulike oppgåva? Eller er du ein ungdom frå Askvoll kommune som ynskjer å reise ut som EVS-volontør i eit anna EU-land, og du vil vite meir om ordninga? Koordinering av volontørprosjektet i Askvoll kommune er tillagt dagleg leiar ved Nærmiljøsentralen. Ta gjerne kontakt med Astrid Halstensen på tlf. 908 48 627 eller på e-post astrid.halstensen@askvoll.kommune.no. Meir informasjon om ordninga finn du her: Les meir om korleis ein kan bli volontør Les meir om å ta imot volontørar Les meir om å sende volontørar