Finn viktig informasjon om:

 

Vi søkjer frivillige

Gje litt av tida di og gjer ein stor skilnad

 


 

Kva treng vi hjelp til?   

Akkurat no er det eit stort behov for frivillige som kan hjelpe til å køyre ut mat til eldre og uføre i Holmedal og Kvammen. Maten vert henta på Askvollheimen og køyreruta tek frå 1,5 timar til 3 timar. Vi ordnar det slik at det passar for deg og sentralen disponerar eigen bil til køyringa.

Døme på andre oppgåver: Turvenn  eller turgruppe - Besøks- og aktivitetsvenn -Innkjøp/ærend - Hjelp til handling av mat - Følgeteneste til lege, frisør, bank eller liknande – Seniordata –Telefonkontakt - Bistå på arrangement

 

Kven kan vere frivillig?

Alle som vil bruke litt av fritida si til å hjelpe andre. Du som er ung og vil auke livserfaringa di gjennom kontakt med andre mennesker. Du som har blitt pensjonist og synast at dagane vert litt lange. Du som er arbeidssøkar og ønskjer å gjere noko positivt i ei vanskeleg jobbsøkingstid.

 

Kva gjer ein frivillig?

Dei frivillige er i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Mogelegheitane er mange og kva du ønskjer å hjelpe til med veit du sjølv best. Vil du treffe nye mennesker? Gå på besøk? Hjelpe andre med praktisk arbeid? Har du ein kompetanse du vil dele?

Kor mykje tid du vil bruke og kva du ønskjer å bidra med bestemmer du sjølv. Du inngår inga langsiktig avtale – synast du det er gjevande, fortset du.

 

Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite meir?

Ta kontakt med Astrid Halstensen på mob. 908 48 627 for meir informasjon, eller kom gjerne innom på kontoret på 2. høgda på Helsehuset i Askvoll (Prestemarka 1) for ein uforpliktande prat.

 

Nærmiljøsentralen i Askvoll

Nærmiljøsentralen er ein lokal møteplass som er open for alle og som formidlar og koordinerar frivillig arbeid mellom dei som treng hjelp og dei som vil hjelpe. Gode idear og forslag vert sett pris på og støtta opp om. Askvoll kommune har mange frivillige lag og organisasjonar, samt enkeltpersonar som gjer ein fantastisk innsats, men behovet for frivilleg arbeid aukar og det er behov for fleire.

Astrid Halstensen

Dagleg leiar
Mobil : 90848627
E-post : Send e-post