Kven kan tinge serviceskyss?
Skyssen er open for alle, men hovudmålet med skyssen er å finne løysingar som aukar mobiliteten til dei eldre og dei med funksjonshemming.
Brukarane vert henta heime og transportert til sentrum eller anna samlingsplass der dei har ulike velferdstilbod innad i kommunen. Det varierer frå kommune til kommune kor ofte skyssen går. Nokre har 1-2 gonger pr veke, andre har kvar 14. dag.
Brukarane har tidlegare vore vane med å kontakte lokal drosje for desse turane.
I samband med bussanbodet i Sunnfjord er serviceskyssen teken inn som ein del av oppdraget. Det betyr at Firda Billag Buss AS som no skal organisere denne skyssen.
Tinging av transport
Alle som skal vere med Serviceskyssruta må tinge på førehand.
Tinging skjer på telefon 577 30 666 kvardagen før transporten skal utførast innan kl. 15.00.
Trafikkavdelinga vil på bakgrunn av tingingane som er kome inn, organisere serviceskyssen for påfølgande dag.
Kva kostar transporten?
Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.
Serviceskyssruter i Askvoll kommune
|
Dag ruta går |
Til sentrum |
Frå sentrum |
Olset - Dørhella - Fristad - Askvoll |
Tysdag |
14.30 |
16.30 |
Rivedal - Holmedal - Askvoll |
Onsdag |
12.00 |
14.00 |
Vilnesbakken - Sauesund |
Onsdag |
13.45 |
18.20 |
Høyvik - Sauesund |
Onsdag |
14.30 |
17.30 |
Skjerlia Kvammen - Ålahøgda butikk |
Onsdag |
09.30 |
13.30 |
Kvammen - Ålhøgda butikk |
Onsdag |
10.00 |
12.30 |
Hestvik - Rørvik - Ålhøgda butikk |
Onsdag |
10.20 |
13.00 |
Unneset - Askvoll |
Annankvar fredag |
* |
12.00 |
* Reisande nyttar rutebuss til Askvoll
http://www.kringom.no/om-serviceskyss.461557.no.html
Serviceskyssen er eit tilbod utforma av fylkeskommunen i samarbeid med kommunane.
Ordninga trådde i kraft 20.06.16.