Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Kvalitetsreforma for eldre - Leve heile livet

Vil du medverke i kommunen sitt arbeid med kvalitetsreforma "Leve hele livet"? Frist for å sende innspel er sett til 6.september 2021. 
 

Målet med reforma

Askvoll kommune skal i løpet av året utarbeide ein handlingsplan med konkrete strategiar og tiltak for korleis våre innbyggjarar kan «leve hele livet». Vi ynskjer å høyre frå deg for sikre at tiltaka verkeleg kan stimulere til betre kvalitet og gode løysingar.

Målet med reforma er at eldre kan meistre livet lenger og ha ein trygg, aktiv og verdig alderdom.

  • At eldre får fleire gode leveår med god helse og livskvalitet, meistrer eige liv og får den helsehjelpa dei treng, når dei har behov for den

  • Pårørande som ikkje blir utsletne, og som kan ha ein jamn innsats for sine næraste

  • Tilsette som opplever at dei har eit godt arbeidsmiljø, der dei får nytte kompetansen sin og får gjort ein fagleg god jobb


Fem innsatsområde 

Regjeringa har utforma fem innsatsområde som Askvoll kommune ynskjer innspel/ framlegg til.
 

Klikk på boksane for å lese meir om innsatsområda og for å gå til skjema for innspel. Frist for å sende inn innspel er 6.september 2021. 
 

1. Eit aldersvenleg Noreg

Her ynskjer vi innspel på korleis den enkelte kan legge til rette for eigen alderdom, kva kommunen kan bidra med av informasjon, planlegging m.m. Eit sentralt mål er at alle skal ha eit godt liv og bu heime så lenge dei ynskjer.
 

Send inn innspel til innsatsområde Eit aldersvenleg Noreg

2. Aktivitet og fellesskap

Her ynskjer vi innspel til aktuelle tiltak, i regi av både det offentlege og frivillige, for korleis eldre kan oppretthalde gode sosiale nettverk/ fellesskap og fysisk aktivitet. Vi ynskjer innspel både for heimebuande og bebuarar i institusjon, for sentrum og grendene.
 

Send inn innspel til innsatsområde Aktivitet og fellesskap

3. Mat og måltider

Fleire eldre et for lite mat og feil mat. Det kan gjere dei meir utsett for fysiske og psykiske helseplager og at ein orkar mindre. Vi ynskjer innspel på aktuelle tiltak for god ernæring for eldre, både heimebuande og bebuarar i institusjon.
 

Send inn innspel til innsatsområde Mat og måltider

4. Helsehjelp

Her ynskjer vi innspel på gode helsetenester for eldre som: helsestasjon for eldre, heimetenester, helseteneste i sjukeheimen, legevakt m.m.

Send inn innspel til innsatsområde Helsehjelp

5. Samanheng i tenestene

Her ynskjer vi innspel på korleis vi kan forbetre overgangar mellom tenestene for eldre personar. Til dømes etter innlegging på sjukehus, etter utskriving frå korttidsopphald på sjukeheimen, når bebuarar flyttar frå heim til institusjon eller frå heim til omsorgsbustad. Eller det kan vere ved byte av helsepersonell på grunn av flytting mellom tenester. 
 

Send inn innspel til innsatsområde Samanheng i tenestene

 

Aktuelle lenkjer

Sara Osland

Seksjonsleiar, Omsorgssenter 2
Telefon : 57 73 45 12
E-post : Send e-post