Finn viktig informasjon om:

 

Legesenteret

Askvoll legesenter er lokalisert i 1. etasje på Helsehuset, Prestemarka 1. Senteret har 4 fastlegar, LIS1-lege (turnuslege), sjukepleiar og helsesekretær. 

Bestilling av resept

Bestilling av resept hos fastlegen kan du gjere på nett:

Eller ved oppmøte og på telefon 57 73 46 00.

SMS blir vanligvis ikkje opna tidlig på dagen.  Så dersom det er noko som hastar så må du ringe oss.  Reseptbestilling via sms bør berre nyttast når du kan vente 1-2 dager før du henter medisinen på apoteket.

Opningstid

Kontoret er ope:

08.00 - 15.00 i sommarhalvåret (01.05. - 30.09.)

08.00 - 16.00 i vinterhalvåret (01.10. - 30.04.)

Telefonen er stengt mellom kl. 12.00 og 13.00, og stenger for dagen kl. 15.30 i vinterhalvåret.
 

Når du ringer legekontoret på tlf. 57 73 46 00 mellom 12 og 13 så får du tre tasteval:

  • 1 - Øyeblikkelig hjelp

  • 2 - Resepsjon

  • 9 - Enkel engelsk tastemeny


Dersom det er noko som hastar bør du ringe legevaktstelefon på 116 117.
Ved akutthjelp/Øyeblikkelig hjelp: Ring 113

Når vi stenger telefonen i kontortida vert telefoner som haster kobla om til legevaktstelefon.

Elles:

Hugs å bestille reseptar i god tid, minimum 2-3 dagar før du er fri for medisin.

Akutt hjelp/Legevakt

Tlf: 116 117

På dagtid er legevakta ved legesenteret. Etter kontortid er Askvoll kommune med i den interkommunale legevaktordninga SYS-IKL.

Informasjon om legevaktsentralen: http://www.legevaktsysikl.no

Postadresse:  Postboks 57, 6988 Askvoll

Ved ulykker/akutt nød: Ring 113

Fastlegar i Askvoll

Siv Tønder, Maret Krannich, Malgorzata Tveit.
Det er ikkje tilsett ein 4. fastlege endå:  Det vil vere ein vikar som vikarierer på denne fastlegelista.

Bytte fastlege

Om du ynskjer å bytte fastlege går du til  Helsenorge.no

Olaug Søreide

Seksjonleiar
Telefon : 57734619
E-post : Send e-post

 

Maret Krannich

Kommuneoverlege
Telefon : 57734600
E-post : Send e-post