Timebestilling koronavaksine

Det vert vaksinasjon på Storstova, Askvollheimen 9., 15. og 16. desember, samt 6. januar.   
Det er sendt ut innkalling til alle over 65 år, samt til helsepersonell desse dagane.

Onsdag 26.01. vil det bli vaksinering av gruppa 45 - 64 år i Askvollhallen.  Det må gå 6 mnd mellom 2. og 3. dose.  Du kan bestille deg time i linken under frå 1. januar.


 

Det må gå minimum 21 dagar mellom 1. og 2. dose og minimum 1/2 år mellom 2. og 3. dose. 

Kan du ikkje møte til oppsett time? Du kan endre time sjølv ved å logge deg inn via linken eller ringe legekontoret på tlf 57 73 46 00

Dersom du har fått vaksina annan plass eller ikkje ynskjer vaksina,  ber vi deg melde dette til legekontoret.

Slik bestiller du time for vaksinering

Følg denne lenka for elektronisk timebestilling (innlogging via BankID gjennom kodebrikke eller BankID på mobil):
 

https://timebestilling.remin.no/askvoll


Du vil få ein sms med stadfesting på bestilt time.  Her vil det også stå kvar du skal møte.

Du får også eit eigenmeldingskjema som du kan fylle ut via ein link.  Dersom du ikkje får gjort dette, får du spørsmåla vaksineringsdagen.

Har du ikkje fått tilbud om vaksine, må du kontakte legekontoret på tlf 57 73 46 00. Dette gjeld også dei som ikkje er registrert som innbyggjar i Askvoll kommune, men oppheld seg i kommunen over lenger tid.

 

 

 

 

Askvoll legesenter

Telefon : 57 73 46 00
E-post : Send e-post