Timebestilling koronavaksine
Askvoll kommune har digital løysing for timebestilling for vaksine. Dersom du ikkje kan bruke denne så kan du ringe Askvoll legesenter for å avtale tid, tlf 57 73 46 00
Gå til elektronisk timebestilling for koronavaksine
Bestille vaksine til barn og unge
Barn 5-11 år skal ha ein mindre dose av vaksinen (10 mikrogram/dose). Vi må difor samle inntil 10 barn for vaksinering. Ring legekontoret for å melde di interesse, eller om du ynskjer å få snakke med fastlegen til barnet om vaksinering.
For barn over 12 år kan føresette bestille time via https://timebestilling.remin.no/askvoll eller ringe legekontoret.
Barn som skal vaksinerast må ha med samtykkeskjema underskrive av begge foreldre, samt egenerklæringsskjema.
Status på koronavaksinering i Askvoll kommune
Alle i alderen 5 år og oppover har fått tilbod om vaksine.
Folkehelseinstituttet opnar no for at personar 80 år og eldre som har fått 3 vaksinedosar og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan få ein ny oppfriskningsdose dersom dei sjølv ynskjer det. Du kan få denne dosen 4 månader etter siste oppfriskningsodse. Ein ny dose no vil ikkje nødvendigvis utelukke eit behov for ytterligare oppfriskningsdose til høsten når smitten er forventa å auke igjen.
Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.
Informasjon for deg som har fått vaksine
Doseintervall mellom dose 1 og 2 for Comirnaty (Pfizer/BioNtech) er sett til minimum 3 veker og maksimum 12 veker for vaksne og 8 til 12 veker for barn og ungdommar. Doseintervall mellom dose 2 og boosterdose er 20 veker.
Koronavaksine til barn og unge
Vaksinasjon av barn (5-15 år) er den enkelte sitt val. Folkehelseinstituttet gir ikkje ei tydelig tilråding om vaksinasjon av barn, fordi risikoen for alvorleg sjukdom allereie er svært låg i denne aldersgruppa. Det er opp til kvar familie å vurdere nytten utfrå sin eigen situasjon.
Tabellen under oppsummerer vaksinasjonstilbudet for barn og unge.
Ungdom fødd 2003, 2004 og 2005
(elevar på vidaregåande skule)
|
Alle som ikkje har starta grunnvaksinering bør ta 2 doser med mRNA-vaksine så snart som mogeleg
Dei som er fylt 18 år kan ta ein oppfriskingsdose 20 veker etter siste dose i grunnvaksineringa dersom dei ynskjer det
|
Ungdom fødd 2006, 2007 pg 2008 (ungdomsskulen) og barn fødd 2009 (siste år barneskule)
|
Føresette kan late barnet sitt bli vaksinert dersom dei/barnet ynskjer det, og ein dose vil redusere den allereie låge risikoen for eit meir alvorleg forløp
Føresette kan late barnet sitt bli vaksinert med dose to 8-12 veker etter dose 1 dersom føresette/barnet sjølv ynskjer det
|
Barn fødd 2010 til 2016 (barneskule og siste år i barnehagen)
|
Føresette kan late barnet sitt bli vaksinert dersom dei ynskjer det.
Det er mest aktuelt for:
- Barn med kroniske sjukdommar (tilsvarande grupper som vert oppmoda om influensavaksine
- Familiar der barn har nær kontakt med personar med særlig behov for beskyttelse
- Barn som har auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgre smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsett situasjon
Barn med alvorleg grunnsjukdom bør la seg vaksinere.
Ein dose vert vurdert å gje best nytte-ulempe-balanse, men det er mogelg å gje dose 2 etter 8-12 veker der føresette ynskjer det (kortare intervall dersom særlige forhold tilseier det)
|
Meir informasjon om koronavaksine: