Siste nytt om koronaviruset i Askvoll kommune

Askvoll kommune har pr. 27.september 2021 ikkje vedtatt lokale smitteverntiltak.

Smittevernråd etter gjenopninga

Med auka vaksinasjonsdekning i befolkninga og ein ny fase av pandemien er mange smitteverntiltak for befolkninga tatt bort. Denne fasen kallast normal kvardag med auka beredskap. 
Ver obs på at kommunane fortsatt kan vedta lokale forskrifter ved behov, og vi må isolere oss viss vi har covid-19. Vi må også fortsette med den gode handvasken, og holde oss heime ved sjukdom.

Reglar for karantene og isolering

FHI har laga eit flytskjema for karantene og isolering kor du finn informasjon og råd til nærkontaktar og dei som er i isolering. 

Koronasertifikat 


Reglar for reise

UD sine globale reiseråd vert fjerna frå 1.oktober: 


Tall smittetilfelle i Askvoll kommune

Her kan du følgje tala frå Folkehelseinstituttet på tal personar som har fått påvist koronavirus

Hittil har det vore 21 personar som har fått påvist koronavirus i Askvoll kommune. NB! Dette er tal smitta personar i heile perioden frå mars 2020. Det første smittetilfellet i Askvoll kommune vart påvist den 10.september 2020.

Askvoll kommune plasserast i risikonivå 1 ifølge risikovurdering tatt av kommuneoverlegen i tråd med fhi.no. Risikonivå 1 (kontroll) gjeld ved ingen eller få påviste tilfeller, men mulighet for oppblussing.

Kvinne som får sett vaksinesprøyte - bilete

Neste vaksinasjonsdagar vert 20. oktober på Storstova, Askvollheimen.  
Har du ikkje fått vaksina? Bestill deg time via linken under. 
Du kan også bestille deg time til dose 2 eller dose 3 i samme link.  Det må gå minimum 21 dagar mellom 1. og 2. dose og minimum 1/2 år mellom 2. og 3. dose.

Kan du ikkje møte til oppsett time? Du kan endre time sjølv ved å logge deg inn via linken eller ringe legekontoret på tlf 57 73 46 00

Illustrasjonsfoto

Informasjon om arbeidet med gjennomføring av vaksinering vil fortløpande bli oppdatert her på heimesida vår.