Finn viktig informasjon om:

 

Om koronatesting

Koronatesting i kommunen vert primært utført ved sjølvtest (hurtigtest)

 

Du kan framleis teste deg for covid-19, men det er ikkje lenger ei generell anbefaling. Dersom du er sjuk og oppsøkjer lege, vil legen din vurdere kva vidare undersøkingar som skal utførast. 

Kontakt legesenteret tlf 57 73 46 00 måndag til fredag kl 0800 - 1500 og avtal henting av sjølvtestar på legesenteret i Askvoll eller på Bulandet/Værlandet.

Skular og barnehagar har heimetestar til sine tilsette og foreldre.

 

Slik tar du hurtigtest:

FHI tilrår no at vaksne tek hurtigtest både i hals og nase. Barn skal framleis berre ta i nase. Ta helst testen om morgonen før du har ete/drukke, eventuelt vent minimum 30 minutt frå siste inntak av mat/drikke. Ta test med same pinne: først i halsen, så i nasa. Er testen negativ og du har nyoppståtte symptom, kan du ta ny test etter 2 døgn. 

Se på FHI sine sider for mer detaljert beskrivelse.

Multi-language videos on using Covid-19 self-test (Obs! førebels ikkje oppdatert for halsprøvetaking)

 

PCR-test

Dersom du treng PCR-test Kontakt legesenteret tlf 57 73 46 00 måndag til fredag helst før kl. 11.00 og bestill time til PCR test.

Sjå også FHI-Råd som gjeld ved nyoppståtte luftvegssymptom